Hjem
Click

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier

Intensivt sommarkurs i NOR-U1

Ønskjer du å kome raskt i gang med norskopplæringa? LLE kan tilby eit firevekers intensivkurs i norsk språk og kultur for framandspråklege studentar og tilsette ved Universitetet i Bergen. Kurset tek til i juli 2016.

Kursinformasjon

Kva handlar kurset om? Føremålet med det intensive sommarkurset i NOR-U1 er å kunne tilby internasjonale studentar og tilsette ved UiB eit høve til å lære grunnleggande norsk før det akademiske semesteret tek til i august.

Kor intensivt er kurset? Undervisning vil bli gitt kvar dag, fem dagar i veka mellom 9.00 til 15.00. Oppmøte er obligatorisk. Du må også forvente noko leksearbeid. Kurset vil bli avslutta med ein skriftleg og munnleg eksamen som er på same nivå som emnet NOR-U1.

Kor tid foregår kurset? Kurset tek til 18. juli og varar til 12. august 2016

Korleis er kurset organisert? Undervisning vil bli gitt i to eller tre grupper med 20 deltakarar i kvar gruppe. Godt kvalifiserte lærarar med nøkkelkompetanse i norsk som andrespråk frå Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier (LLE) har ansvaret for undervisninga.    

Kvar vil kurset bli gitt? All undervisning vil bli gitt ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier (LLE).

Kor mykje kostar kurset? Dersom du er kvalifiert for opptak til kurset, så er dette kurset gratis for deg. Men, deltakarar må sjølve dekke utgifter for mat, opphald og eventuelle sosiale aktivitetar, i tillegg til pensumlitteratur. Deltakarar må også ha med eiga ordbok. 

Opptak

For å vere kvalifisert til opptak så må ein vere:

  • Ein internasjonal utvekslingsstudent som er nominert for utveksling ved UiB for haustsemesteret, eller heile studieåret 2016/17.

  • Ein utanlandsk tilsett ved UiB (100 % stilling i minimum 6 månadar)  

  • Ein partner eller ektefelle av ein utanlandsk tilsett ved UiB

  • Ein internasjonal PhD-kandidat ved UiB

  • Ein internasjonal masterstudent som som har gjennomført minimum eitt semester ved UiB

Opptak til det intensive sommarkurset i NOR-U1 er avgrensa. Internasjonale utvekslingsstudentar og utanlandske tilsette ved UiB vil bli gitt prioritet. Dersom det blir fleire kvalifiserte søkjarar enn plassar på kurset, vil opptaket bli gitt ved loddtrekning.

Opptak til NOR-U2

Internasjonale utvekslingsstudentar og masterstudentar har krav på eitt norskkurs i løpet av sitt studieløp på Universitetet i Bergen. Likevel, så oppmodar vi alle studentar som ønskjer å lære så mykje norsk som mogeleg å søke på fleire norskkurs. 

Hugs å søk på NOR-U2 i tillegg til det intensive sommarkurset i NOR-U1 dersom du planlegger å delta på dette kurset hausten 2016.

Søknadar for NOR-U2 blir gjort på "Søknadsweb" innan 15. mai

 

Regelverk for opptak til norskkurs ved UiB (pdf)