Gå til innhold
English A A A

Sjå kva eg kan

Ny lærdom og praksis gjorde PRAKTINF - praktisk informasjonsarbeid og DIKULT105 - webdesign og webestetikk til to av dei faga Hanne Bakken har hatt aller mest glede av i sin bachelorgrad.

Hanne Bakken har nylig fullført sin bachelorgrad i medievitenskap.

Hanne Bakken har nylig fullført sin bachelorgrad i medievitenskap. Foto: Marianne Hagland Westerlund

To av dei faga eg har hatt aller mest glede av i min bachelorgrad, er DIKULT105 - Webdesign og webestetikk og PRAKTINF - Praktisk informasjonsarbeid.

- Hanne Bakken

Utdanning: Bachelor i medievitenskap

To av dei faga eg har hatt aller mest glede av i min bachelorgrad, er HUIN105 - Webdesign og webestetikk og PRAKTINF - Praktisk informasjonsarbeid. Begge tok eg våren 2008 som ein del av mine frie studiepoeng. Eg fekk mykje ut av desse, både fordi begge omhandla tema som var veldig nye for meg, og dermed gav meg mykje ny lærdom, men òg fordi dei innebar praksis eller praktiske oppgåver.

I HUIN105 (frå hausten 2009 kalla DIKULT105) var det obligatorisk å lage ein blogg kor vi publiserte arbeidet vi gjorde i faget, medan eg sjølv i PRAKTINF valde å lage ein blogg som støtte til då eg seinare skulle presentere for klassa kva eg hadde gjort i løpet av min praksis i NAV Hordaland si avdeling for marknad og samfunn. Ta deg ein tur inn på desse bloggane og sjå kva eg gjorde i faga, korleis eg opplevde dei, og kva oppgåver vi laga. I HUIN105 var eksamen ei mappeinnlevering av ei nettstadsanalyse, samt ei sjølvlaga nettside med tilhøyrande rapport om arbeidet. Mi gruppe laga nettsider for Fisketorget i Bergen, og resultatet kan du sjå her.

Relevante studieprogram