UH-nett Vest-seminar om nynorskforsking (29. mai 2012)
UH-nett Vest og UiB inviterer ressurspersonar til eit internt seminar som tek føre seg forskingsutfordringar som gjeld nynorsken
Bakgrunn: Seminaret vil ta opp spørsmål som dreier seg om grunnlaget for forsking i dei kulturelle og samfunnsmessige vilkåra for nynorsk som bruksspråk, sett frå ulike synsvinklar og ståstader. Likeins vil seminaret ta opp aktuelle forskingsspørsmål som gjeld nynorsken som lingvistisk fenomen. Målet er å leggje grunnlaget for styrkt og meir slagkraftig forsking, og å fremje forskingssamarbeid mellom aktuelle personar og miljø ved dei institusjonane som UH-nett Vest representerer, dvs. Høgskolen Stord/Haugesund, Høgskolen i Bergen, Norsk Lærarakademi, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Høgskulen i Vestfold og Universitetet i Bergen. Desse institusjonane verkar i kjerneområdet for nynorsken, og det er såleis naturleg at UH-nett Vest tek eit ansvar for å fremje nynorskforsking. Seminaret vil ha form som eit internt arbeidsseminar med rikeleg høve for deltakarane til å vere nettopp deltakarar. Difor er det òg avgrensa med plass. Det vil bli ført referat av ordskiftet.
Målgruppe: Interesserte og potensielle ressurspersonar for nynorsk i UH-nett Vest.
Stad: Radisson Hotel Norge, Nedre Ole Bulls plass 4, Bergen
Program tysdag 29. mai 2012
1. Kl. 09.00–09.30: Registrering og kaffi
2. Kl. 09.30–09.40: Velkomen ved rektor Sigmund Grønnmo
3. Kl. 09.40–10.00: Introduksjon ved Johan Myking, UiB og Endre Brunstad, UiB (programkomiteen).
4. TEMATISKE INNHOGG
A. Kl. 10.00–10.45.Forsking på nynorsk i skulen – kva er alternativet til elende-forsking og halleluja-forsking?
- Innleiingar ved senterleiar Torgeir Dimmen og høgskulelektor Hege Myklebust
- Diskusjon og konkretisering
B. Kl. 10.45–11.10 Forsking på nynorsk fagspråksutvikling
- Innleiing ved professor Johan Myking
- Diskusjon og konkretisering
Kl. 11.10–11.30 Kaffipause
C. Kl. 11.30–12.10 Kva for samfunns- og kulturprosessar er det mest relevant å ta utgangspunkt i for å fornye nynorskforskinga?
- Innleiing ved professor Stephen Walton
- Diskusjon og konkretisering
Kl. 12.10–13.10 Lunsj
D. Kl. 13.10–13.50 Nynorskforsking med språket sjølv i fokus. Korleis handtere nye tekstformer og nye tekst- og språkkorpus?
- Innleiingar ved professor Helge Sandøy og forskar Gunn Inger Lyse
- Diskusjon og konkretiseringar
13.50–14.00 Pause
E. Kl. 14.00–15.00 Verdskafe med konkretiseringar av forskingstiltak
15.00–15.15 Pause
F. Kl. 15.15–16.00 Diskusjon og konkretisering
- Eit program for nynorskforsking?
- Prosjektidear
- Samarbeidskonstellasjonar
- Forpliktande oppfølging av seminaret
Praktiske spørsmål
• Seminaret med mat er gratis for deltakarane, men reise og opphald skal normalt dekkjast av institusjonane sjølve.
• Påmelding til Endre Brunstad på e-post: endre.brunstad@lle.uib.no
• Påmeldingsfrist: 21. mai 2012
• Av plassomsyn er det lurt å melde seg på så tidleg som mogleg
• Seminarstaden finn ein her: http://www.1881.no/Kart/?p={60.3914489746|5.32345247269|Nedre+Ole+Bulls+plass+4|Bergen}#
Sist endret: 7.5.2012