Norrøn filologi
Norrøn filologi er studiet av norrønt språk, norrøn litteratur og norrøn kultur. Norrønt er "Det gamle Sprog", slik det vart talt og skrive her til lands i mellomalderen. Men ikkje berre her - norrønt er ein fellesnemnar for språket og litteraturen i både Noreg og Island, og dessutan vesterhavsøyane. I dette området kan vi snakke om ein felles språkleg og litterær kultur som varte frå landnåmet av Island til seinmellomalderen, i drygt 500 år.
Ved Universitetet i Bergen vart faget oppretta med utnemninga av Ludvig Holm-Olsen som professor i norrøn filologi i 1953. For tida er det ein professor i norrøn filologi som har arbeidsplass ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, Odd Einar Haugen, og ein som har arbeidsplass ved Senter for mellomalderstudiar (CMS), Else Mundal. I tillegg har instituttet og senteret fleire forskarar i norrøn filologi som også gjev undervisning. I haustsemesteret 2011 er dette Eldar Heide, Kristel Zilmer og Bergsveinn Birgisson. Helen Frances Leslie har ikkje undervisning i haustsemesteret 2011, men hadde seinast eit kurs vårsemesteret 2011. Det same hadde Hilde Stoltz, som nyleg tok mastergrad i norrøn filologi ved UiB.
Fagmiljøet i norrøn filologi ved Universitetet i Bergen har lenge vore aktivt i produksjonen av læremiddel, både grammatikkar, tekstsamlingar og handbøker.
-
Om å studere norrøn filologi
Ein kan studere norrøn filologi både på bachelor- og masternivå.
-
Norrøne kurs – vår og haust
Vi har ein fast turnus for dei norrøne kursa. Det er lettast å gå i gang med studiet i vårsemesteret, men om du er motivert eller har lese norrønt tidlegare, kan du også ta til i haustsemesteret.
-
Lærebøker i norrøn filologi
Det finst grammatikkar, tekstsamlingar, ordbøker og handbøker i norrøn filologi. Her er eit utval.
-
Arbeidsmateriell
Her finn du eit bøyingsskjema for norrønt, råd om korleis Norrøn ordbok skal brukast, merknader til eit par norrøne tekstar og eit oversyn over sentrale ord i norrønt.
-
Norrønt nytt
Jonas Wellendorf skriv blogg (inntil nyleg frå Bergen, no frå Berkeley) og Christopher Abram melder nytt frå London.
-
Forskargruppe
Forskargruppa i norrøn filologi er ein møtestad for både tilsette og studentar. Den er verd eit besøk!