Gå til innhold
English A A A
23.09.2009 Nyhet

Diktekunstens relasjonar

All lesing av litteratur, også politiske lesingar, må vere nærlesing, hevdar Atle Kittang i si nye bok, "Diktekunstens relasjonar".

Atle Kittang.jpg

Atle Kittang (Foto: Magnus Vabø/UiB)

Forlaget Gyldendal litteratur, som har gitt ut boka, skriv vidare i sin bokomtale:

"Det inneber at vi ikkje kjem utanom estetiske synsmåtar i arbeidet med diktekunst. Men har det noko for seg å forsvare eit estetisk perspektiv på litteraturfaget i dag? Er ikkje litteraturen konstituert ved sine relasjonar til andre områder i menneskelivet - til politikk og ideologi, seksualitet og begjær? Kittang diskuterer slike spørsmål i spenninga mellom ein estetikk som ser litteraturen som uavhengig, og eit meir politisert syn. Han reflekterer også over kva det er som gjer litteratur til stor litteratur, og drøfter vurderingsproblemet i forhold til spørsmålet om «høg» og «låg» litteratur. I andre del av boka blir slike spørsmål konkretisert i analysar av sentrale forfatterskap eller enkelttekstar av Knut Hamsun, Dag Solstad, Bjørn Aamodt og Øyvind Rimbereid."

Sist endret: 23.9.2009

Nyheter fra Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier

Nyhetsarkiv