Gå til innhold
English A A A
01.12.2009 Nyhet

NFR-støtte til talemålsgransking

Prosjektet "Språkutvikling på industristader", som Forskergruppe i samfunn og språkendring (FORSE) står bak, blir finansiert av Norges forskningsråd i tre år frå 2010 med mellom anna to stipendiatar. Professor Gunnstein Akselberg skal vere prosjektleiar.

Gunnstein Akselberg

Gunnstein Akselberg

Målet for prosjektet er å kartlegge og forstå talemålsutviklinga dei siste hundre åra på fire industristader, for på den måten å vinne innsikt i sosiale og språklege faktorar som gjeld i språkendringsprosessar.

Årdal, Odda, Tyssedal og Sauda er alle industristader som vaks fram i løpet av 1900-talet, og dei hadde ein svært rask auke i folketalet. Tilflyttinga kom frå heile landet og frå utlandet, og i løpet av kort tid vart det bygd opp heilt nye samfunn på desse stadane. I etableringsfasen var stadane både sosiale og språklege smeltegryter, og lokale språklege førebilete mangla i større eller mindre grad fordi dei som budde i området før, var for få i høve til innflyttarane til å kunne "nøytralisere" dei språkleg. Språksituasjonen i slike nye industristader representerer ein unik laboratoriesituasjon med tanke på å undersøkje faktorar som verkar inn på språkendringar. Prosjektet skal kartlegge dialektane til dei ulike generasjonane i desse bygdene medan den generasjonen som etterfølgde innflyttarane framleis er i live. Slik kan ein oppnå større innsikt i koineisering, eit særtilfelle av dialektkontakt der nye kontaktar oppstår som følgje av språkbrukarar med gjensidig forståelege dialektar.

Prosjektet er todelt. I ein synkron studie vil ein gjennom nyinnsamling av talemålsdata frå tre nolevande generasjonar studere språksituasjonen og mønster i språkvariasjonen på dei fire industristadane i dag. Ved hjelp av eldre talemålsdata vil ein òg beskrive språkendringane diakront og freiste forstå språklege utviklingsliner i tida frå etter industrietableringa og fram til i dag.

Prosjektet har ei budsjettramme på i alt omlag 8,6 mill. kroner, og vil få to doktorgradsstipend. I tillegg til professor Gunnstein Akselberg, skal professor Helge Sandøy vere med i prosjektet. Professor Gjert Kristoffersen, som var med og utarbeidde søknaden, skal gå inn i styringsgruppa. Også Helene Hildremyr deltok i arbeidet med å førebu søknaden.

Ved denne søknadsrunden vart det sendt inn 94 søknader om støtte til forskarprosjekt til FRIHUM. Talemålsprosjektet var eitt av i alt 8 som vart innvilga.

 

 

 

Sist endret: 7.12.2009

Nyheter fra Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier

Nyhetsarkiv