"Moderne importord" i velrenommert tidsskrift
Heile julinummeret av "International Journal of the Sociology of Language" handlar om det fellesnordiske prosjeketet "Moderne import i språka i Norden", som vart leia av professor Helge Sandøy.
Prosjektet vart initiert og finansiert av Nordisk Råd, og involverte norsk, dansk, islandsk, færøyisk, finsk, sverigesvensk og finlandssvensk. Granskinga starta opp i 2001 og vart avslutta i 2005. I delundersøkelsar vart av omfanget av importord i dei nemnde språksamfunna kartlagt, vidare i kva grad nasjonale avløysarord er i bruk, korleis importord vert tilpassa det nasjonale språket, offisiell normering og haldningar til språkpåverknad. Prosjektet har involvert nærare 30 forskarar.
Resultata frå den omfattande granskinga blir presenterte i ein eigen bokserie på Novus Forlag. Heile julinummeret av "International Journal of the Sociology of Language" handlar om prosjektet. Professor Helge Sandøy har vore medredaktør. Elektronisk utgåve av tidsskriftet ligg her: http://www.reference-global.com/toc/ijsl/2010/204
Sist endret: 2.9.2010
Nyheter fra Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier
- Arild Linneberg 60 år (26.01.2012)
- Internasjonal interesse for norrøn filologi (05.01.2012)
- Ærefullt oppdrag for Odd Einar Haugen (29.11.2011)
- Vellykket alumnuskveld for digital kultur (22.11.2011)
- Veforðabók fyrir alla (21.11.2011)