Gå til innhold
English A A A
26.10.2012 Nyhet

HFs studiekvalitetspris til Prisme

– Som å vinna ein Oscar, seier prisvinnar Kari Tenfjord. Prisme har sidan 1999 vore eit nettstudium i norsk som andrespråk for lærarar.

spurvugle550.gif

Kari Tenfjord (til venstre), saman med Liv Helga Dommasnes. Foto: Hilde Kristin Strand

Spurveugleprisen vart delt ut av HF-dekan Gjert Kristoffersen under ei tilstelling 26. oktober. I si helsing til prisvinnarane la Kristoffersen vekt på dei positive tilbakemledingane Prisme får i studentevalueringane. Heile 95 prosent av dei som har teke dei 30 studiepoenga, vil anbefala kurset til andre, og det er om lag 90 prosent som står på eksamen.

Kari Tenfjord starta opp Prisme saman med Jon Erik Hagen, som døydde i vår. Enka etter Hagen, Liv Helga Dommasnes, tok i mot utmerkinga saman med Tenfjord.

Prisen er på 25000 kroner. Prisvinnarane har planar om å bruke pengane til eit fagleg seminar om grammatikkens plass i undervisninga, som var Jon Erik Hagen si hovudinteresse. Tildelinga tel óg som nominasjon UiBs studiekvalitetspris.

Les meir om prisutdelinga i På Høyden.

 

Sist endret: 26.10.2012

Nyheter fra Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier

Nyhetsarkiv