Gå til innhold
English A A A
26.11.2012 Nyhet

Narkomane skremmer

- Etter at våre tilsette blei utsette for ubehagelege opplevingar under ei tilstelling i Knut Fægris hus, må vi vurdere vår vidare bruk av villaen, seier instituttleiar Johan Myking til På Høyden.

Johan Myking.gif

Instituttleiar Johan Myking. Foto: På Høyden

I september skipa instituttet til ei avskilsmarkering i representasjonsvillaen for ein som hadde gått av med pensjon. Etter at gjestene var komne på plass, tok det til å regne. Fleire rusmisbrukarar søkte ly under taket øverst på trappa. Ein hadde med seg ein stor schäfer. Ivar Utne kom etter at festen hadde starta, og tok ikkje sjansen på å trengje seg forbi.

– Eg vart svært overraska. Eg hadde ikkje tenkt meg moglegheita av at det stod narkomane og fylte opp trappa, seier Ivar Utne til På Høyden.

Ein av dei tilsette som var med og rydda etterpå, stakk seg på ein sprøytespiss som låg i bosscontaineren utanfor.  Dei første blodprøvene var negative, men han må vente til over nyttår før han får det endelege svaret på om han er smitta av HIV og hepatitt B og C.

 – Det er svært ubehageleg, og uvissa ligg heile tida i bakhovudet, sier mannen.

Også studentar som brukar lesesalar og kollokvierom på kveldstid har utrivelege opplevinger med narkomane.

Les På Høydens oppslag.

Sist endret: 26.11.2012

Nyheter fra Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier

Nyhetsarkiv