Gå til innhold
English A A A
01.11.2012 Ny bok

Poesiens hemmelege liv

Atle Kittang, landets første professor i allmenn litteraturvitskap, skriv i si siste bok om det som kjenneteiknar poesien som ordkunst.

Atle Kittang.jpg

Professor Atle Kittang. Foto: Magnus Vabø, UiB

Kittang tar lesaren med på ei undersøking av poesiens eigenart, der refleksjonane er vovne inn i grundige analysar av sentrale verk i norsk, nordisk og internasjonal lyrikkhistorie. Slik syner Kittang fram inngangar til det rike tanke- og sanselivet som ligg nedfelt i det gode diktet og berre ventar på å bli utløyst.

Innhald:
I: Om poetisk form | Om kjærleik og lyrikk | Om poesi og natur | om poetiske rom | Om den som er borte frå alle bukettar

II: Om Olav H. Hauge og sonetten | Om to seine Vesaas-dikt | Om tre dikt frå Einar Øklands poetiske folkeminne | Om Inger Christensens alfabet som formverk | Om poesiens vandringar hos Hanne Bramness

Boka er utgjeve på Fagbokforlaget. Les forlagets omtale.

Atle Kittang vart i 1974 landets første professor i allmenn litteraturvitskap, og er no professor emeritus ved Universitetet i Bergen. Han har prega faget i mange tiår, ikkje minst gjennom bøkene han har skrive og redigert, aleine og saman med andre. Blant titlane er Lyriske strukturer, Litteraturkritiske problem, Ord, bilete, tenking og Moderne litteraturteori. Hamsun og Ibsen er to av dei norske forfattarane Kittang har vigd særleg merksemd, til dømes i Luft, vind, ingenting og Ibsens heroisme.

I 2003 fekk Kittang Møbiusprisen, Noregs forskingsråds pris for framifrå forsking, som den første representanten for eit humanistisk fag.

 

Sist endret: 1.11.2012

Nyheter fra Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier

Nyhetsarkiv