ISLEX - ei moderne islandsk-norsk nettordbok
ISLEX er eit internordisk samarbeidsprosjekt mellom fire institusjonar i dei skandinaviske landa og på Island om å utarbeide eit digitalt islandsk-skandinavisk ordboksverk. Dette er Árni Magnússon-instituttet for islandske studiar (SÁ) i Reykjavik, Institutionen för svenska språket ved Göteborgs universitet, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium ved Universitet i Bergen og Det Danske Sprog- og Litteraturselskab i København. Den islandske redaksjonen har ansvar for kjeldespråket og for utforming og utvikling av databasen til ISLEX.
Om ordboka
· ISLEX-ordboka skal vere nettbasert og gratis for brukarane.
· Ordboka vil til slutt ha rundt 50 000 oppslagsord.
· ISLEX skal vere ei samtidsordbok, det vil seie at ordtilfanget i hovudsak er henta frå kjelder frå dei siste 50 åra.
· På norsk er det omsetjingar til både bokmål og nynorsk.
· Brukarane kan sjølve velje kva for eit av dei aktuelle språka som skal vere metaspråk i ordboka, og ein kan velje om ein vil få omsetjingane på eitt eller fleire målspråk samstundes.
· Brukarar kan søkje både på islandske oppslagsord og i skandinaviske omsetjingar.
· Det vil vere opplysingar om det islandske bøyingsverket i artiklane, og i tillegg kan ein søkje på ulike former av oppslagsordet. Dette vil vere til god hjelp for dei som vil lære seg islandsk.
· Ordboksartiklane vil ha mange islandske brukseksempel, kollokasjonar og faste uttrykk med skandinaviske omsetjingar.
· ISLEX har mange illustrasjonar i form av teikningar, fotografi og i nokre tilfelle animasjonar.
· Lydfiler gjev ordboksbrukaren informasjon om uttale og/eller lyd knytt til dei ulike oppslagsorda.
· Ordboka har frå 2009 vore tilgjengeleg for enkelte testbrukarar.
· Arbeidet med ordboka starta i 2005, og målet er at ho skal vere ferdig i 2011.
Nærare presentasjonar av ISLEX finn du nedanfor:
Presentasjon på norsk (frå 2011)
Merk at ordboksartiklane vil sjå annleis ut i den endelege utgåva!
Helge Sandøy, prosjektleiar, e-post
Þorsteinn Indriðason, prosjektleiar, e-post
Margunn Rauset, ordboksredaktør, e-post
Tidlegare redaktørar:
Kjersti Lea (til 2010)
Ragnhild Svellingen (til 2009)
Lenkjer
ISLEX-ordboka
Heimesida til den islandske kjeldespråksredaksjonen: http://www.arnastofnun.is/page/arnastofnun_ord_islex
Sist endret: 28.1.2011