Norrøne diplom og handskrifter
Ved instituttet er det bygd opp eit stort arkiv av norrøne diplom- og handskriftsfotografi. Takk vere eit samarbeid med Universitetsbiblioteket er dette arkivet tilgjengeleg for alle interesserte i Manuskript- og librarsamlinga i første etasje av HF-bygget (inngang ved kantina).
Arkivet omfattar både fotografi av norske diplom (mellomalderbrev) og norske og islandske handskrifter. Diploma er som oftast berre på ei side, men handskriftene kan vere mykje lengre, nokre gonger på fleire hundre sider. Diplomfotografia ligg i aktomslag av papir, medan handskriftsfotografia ligg i eigne boksar kjenneteikna med ulike fargar for kvar av dei viktigaste samlingane.
Alle fotografia er i svart/kvitt, men av høg kvalitet. Nokre fotografi er tekne i ultrafiolett lys slik at det kan vere lettere å lese teksten i fotografi enn i original.
Saman med arkivet er det stilt opp trykte faksimileutgåver av norrøne handskrifter.
Fagleg ansvarleg for diplom- og handskriftsarkivet er Odd Einar Haugen.
Dei som ønskjer å bruke arkivet, kan vende seg direkte til Manuskript- og librarsamlinga i HF-bygget.
08.01.2009
-
Katalog over handskrifter ved LLE
Det finst ein nettbasert katalog over handskriftsfotografia ved instituttet. Denne katalogen viser kva handskrifter vi har fotografi av, og kva for samlingar dei høyrer heime i.
-
Medieval Nordic Text Archive
Menota er eit nettverk av leiande nordisk arkiv, bibliotek og institutt som arbeider med mellomaldertekster og handskriftsfaksimilar. Målet for Menota er å ta vare på, formidle og publisere mellomaldertekster i digital form, og å utvikle dei standardane som krevst for dette.