Gå til innhold
English A A A

Proporsjon, perspektiv og persepsjon


Dette er eit tverrfakultært emne der ein studerar biletuttrykk ut frå ein matematisk-naturvitskapleg ståstad.

PPP201: Proporsjon, perspektiv og persepsjon er eit unikt emne, som kombinerar særs ulike fagtradisjonar og som etter planen berre tilbys våren 2009. Emnet legg vekt på bruken av matematikk og geometri i kunst frå oldtida til i dag. Syns- og persepsjonsjonsprosessar på eit biologisk-psykologisk plan står og sentralt i emnet. Kurset har som mål å gje ei djupare forståing av samanhengar mellom val av verkemiddel og bodskapen som biletet formidlar.

 

Informasjon om PPP201 finn du her.

Sist endret: 4.2.2009