Psykoanalyse
Det humanistiske fakultet tilbyr også to emne innanfor psykoanalyse. Psykoanalyse kan definerast som ein snakkekur mot psykiske plager basert på fri assosiasjon og ein teori om korleis det mentale apparatet på ulike måtar er skrudd saman av drifter, begjær og ubevisste tankar slik at vi møter våre spesielle utfordringar i livet og gjer og seier ting vi ikkje forstår korfor vi gjer og seier.
Emna som vert tilbydde innanfor psykoanalyse:
PSANA101/ Innføring i psykoanalyse
PSANA201/ Identitet, kjønn og sjølv i moderne psykoanalysar
Emna er ikkje knytte til eit bestemt institutt eller senter.
Fagleg ansvarleg er førsteamanuensis Kjell Roger Soleim.
Det administrative ansvaret ligg til Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE).
PSANA101 / Innføring i psykoanalyse
Psykoanalysen har gjennom dei meir enn hundre åra som har gått sidan Freud utvikla den, ført til ei avgjerande endring i måten det moderne mennesket forstår seg sjølv og sin plass i samfunnet på. Gjennom dette studiet ønsker ein å gi ei innføring i dei sentrale omgrepa i psykoanalysen, med særskild fokus på omgrepet om det umedvitne. Emnet skal gi studentane høve til å bruke eit psykoanalytisk perspektiv på sitt eige fagområde, til dømes litteraturvitskap, kunst- og kulturvitskap og samfunnsvitskap.
Du kan lese meir om emnet her.
PSANA201 / Identitet, kjønn og sjølv i moderne psykoanalysar
PSANA201 er eit kurs for studentar som har tileigna seg elementære kunnskapar innan psykoanalyse, til dømes gjennom PSANA101. Hovudfokuset vil vere på tilhøvet mellom to hovudtema i Sigmund Freuds psykoanalyse: det umedvitne og seksualitet. Undervisinga tek spesielt sikte på å formidle psykoanalytiske teoriar om sjølvet og identitetsdanningar, om kjønnsskilnad og seksualitet, og om det umedvitnes plass i samband med drifter, begjær og språk.
Du kan lese meir om emnet her.
Sist endret: 22.3.2010