Gå til innhold
English A A A

Hilde Sandvik


Debattredaktør i Bergens Tidende

Hilde Sandvik

Hilde Sandvik Foto: Privat

1. Hva arbeider du med til daglig?
Eg er debattredaktør og kommentator i Bergens Tidende.

2. Har du hatt andre jobber?
Eg har vore journalist i fleire aviser, redaktør av Syn og Segn, saman med Marit Eikemo. Eg har vore bilderedaktør i bokverk og frilansar med mange oppdrag, som å vere utstillingsarkitekt under årsutstillinga til norske kunsthandverkarar. Eg og Andreas Engesvik bygde Kunstindistrimuseet om til ein hage – med plen.

3. Hva er det viktig å kunne i disse jobbene?
Som debattredaktør bør ein vere breidt orientert i mange miljø og tole at mange er kritiske til det ein gjer. Og vi må kunne mykje om presentasjon, også den visuelle presentasjonen. Avisdebattsidene er landets viktigaste talarstolar – kor slepp ein elles til så lenge utan å bli avbroten for eit så stort publikum?

4. Du har studert kunsthistorie, både ved UiB og ved Goldsmiths College i England. Hva er det som får ungdom til å studere kunsthistorie?
For min del handla det i første omgang om å få injisert danning på kort tid – og å få utvikla blikket, å lære å sjå, rett og slett. Eg kjem ikkje frå noko miljø der det var vanleg å gå på kunstutstillingar. Det fanst ikkje slikt i ei lita bygd i Suldal. Farmor mi laga skulpturar av papir, skreiv, sydde, vevde og malte, men ein blei ikkje kunstnar i hennar generasjon kvinner og med hennar bakgrunn. Likevel var det ikkje noko som stoppa henne i å uttrykke seg. Det har eg aldri gløymt.

5. Ved UiB har kunsthistoriefaget utviklet seg i retning av visuell kultur. Har du noen oppfatning av hvorvidt dette er en god eller en dårlig utvikling?
God – og her er grunngjevinga: Etter godt grunnlag frå briljante pedagogar som Dag Sveen og Gunnar Danbolt i Bergen, var det frigjerande å komme til London der kunsthistorie heitte visual culture og var eit heilt anna fag. I Bergen på midten av nittitalet blei vi gode til å definere periodar, gode til å drøfte intensjonen i malarstroka og til å diskutere flaten. Då eg hadde knekt koden byrja det å kjede meg. Dette var eit fag lett å bli flink i, men så stoppa det opp for meg. Var flaten kunsten? Kven var kunstnaren? Kvifor ser kanon ut slik den gjer? Why have there been no great women artists? Slike spørsmål byrja å plage meg. Då eg sat på golvet i eit seminarrom på Goldsmiths og høyrde seminarleiar Gavin Butt forelese, nei ikkje forelese, men spele ut, forestillinga om Jackson Pollock som performancekunstnar og politisk aktør midt under den kalde krigen, då sa det klikk inne i hovudet mitt: Dette var det eg ville vite meir om. Vi er kringsett av visuelle inntrykk, kunsten grip meir om meir inn i samtida og likevel greier ikkje kunsthistorikaren, med få unntak, å kommunisere at han og ho har viktig kunnskap om drivkreftene i samfunnet. Kunsthistorikaren gjer seg uinteressant. For å sitere ein sjimpanse i animasjonsfilmen Space Chimps, han er i ferd med å fikse eit romskip ute av kontroll som har hamna i eit intergallaktisk ormhol og utbryt: Kvifor blei eg ikkje kunsthistorikar i staden?
Framleis handsamar vi alt for mykje av kunsten rundt oss som pynt og ufarleg overflate. Då eg hadde kome til den konklusjonen, slutta eg å studere kunsthistorie.

Sist endret: 12.3.2009