Lærebøker i norrøn filologi
Det finst grammatikkar, tekstsamlingar, ordbøker og handbøker i norrøn filologi. Her er eit utval.
Den som ønskjer å gjere seg kjend med norrønt, anten det er språk, litteratur eller kultur, bør lære seg å lese tekstar på originalspråket. Derfor rår vi til at alle skaffar seg ein grammatikk, ei ordbok og ei tekstsamling.
For dei som vil gå vidare i faget, finst det no fleire handbøker som fører lesarane vidare i faget.
-
Grunnbok i norrønt språk
Grunnbok i norrønt språk er ein større grammatikk over norrønt, skriven med tanke på studentar utan språkvitskapleg bakgrunn.
-
Norrøn grammatikk i hovuddrag
Hausten 2008 kom prøveutgåva av ein ny og meir konsis norrøn grammatikk. Denne grammatikken har som den første i sitt slag ei språkvitskapleg ordliste.
-
Norrøn ordbok
Norrøn ordbok av Leiv Heggstad, Finn Hødnebø og Erik Simensen er eit uunnverleg hjelpemiddel for den som vil lese norrønt på originalspråket.
-
Handbok i norrøn filologi
Norrønfilologar ved seks av universiteta har samla seg om ei handbok som gjev ei brei innføring i faget.
-
Norrøne tekster i utval
Dette er ei samling av norrøne tekster i original med parallell omsetjing til moderne norsk.