Norrøne kurs – vår og haust
Vi har ein fast turnus for dei norrøne kursa. Det er lettast å gå i gang med studiet i vårsemesteret, men om du er motivert eller har lese norrønt tidlegare, kan du også ta til i haustsemesteret.
Vår:
NOFI 101 (15 stp.) er eit kurs som skal setje deg i stand til å lese enkle norrøne tekstar ved hjelp av grammatikk og ordbok. Undervisninga er 4 timar i veka.
NOFI 104 (15 stp.) gjev ei innføring i norrøn litteratur i omsetjing, og stiller ikkje krav om språkkunnskapar. Undervisninga er 2 timar i veka.
Haust:
NOFI 102 (15 stp.) er eit vidareførande kurs der du får høve til å studere eddadikt og skaldedikt i original, runer, handskrifter på pergament og mykje meir. Undervisninga er 4 timar i veka.
NOFI 105 (15 stp.) tek deg lenger inn i den norrøne litteraturen, som du får lese både i original og i omsetjing. Undervisninga er 2 timar i veka.
NOFI 106 (5 stp.) er eit nytt kurs i norrøn mytologi, som vi prøver ut hausten 2011. Det er eit komprimert kurs som går over tre veker i byrjinga av semesteret. Det stiller ikkje krav om språkkunnskapar.
Vår og haust:
Kvart semester tilbyr vi også spesialkurs med varierande innhald på 200/300-nivå. Det kan vere emne som norrøn trolldom, eddadikt, skaldedikt, retorisk litteratur, religiøs litteratur, runer og mykje anna. Desse kursa har skiftande opptakskrav og går med 2 timar i veka.
Hausten 2011 tilbyr vi eit kurs i den gamle skriftkulturen, både i det latinske alfabetet og i runer, ved Odd Einar Haugen og Kristel Zilmer.
Sist endret: 21.3.2012