Om å studere norrøn filologi
Ein kan studere norrøn filologi både på bachelor- og masternivå.
Bachelorutdanning i norrøn filologi
Bachelorutdanninga i norrøn filologi inngår i Bachelorprogrammet i nordisk. Spesialiseringa føreset 90 studiepoeng i norrøn filologi, fordelt på 6 emne. Ein nærare omtale av spesialiseringa og kva norrøne emne som inngår, finn du i studieplanen for bachelorprogrammet her.
Masterutdanning i norrøn filologi
Masterprogrammet er 2-årig, og består av eit sjølvstendig arbeid som svarar til 60 studipoeng (masteroppgåve), og ein kursdel som omfattar 60 studiepoeng. Nærare omtale av masterstudiet i norrøn filologi finn du her.
Sist endret: 1.3.2010