Gå til innhold
English A A A

Om å studere norsk som andrespråk


Ein kan studere norsk som andrespråk både på bachelor- og masternivå.

 

Bachelorutdanning i norsk som andrespråk

Bachelorutdanninga i norsk som andrespråk inngår i Bachelorprogrammet i nordisk.

Ettersom den innsikta som trengst for å kunne undervisa i norsk for framandspråklege er særs mangslungen, framstår studiefaget som samansett av ulike delemne av både språkleg, litterær, psykologisk, kulturell og didaktisk art. Desse delemna blir likevel haldne saman av ein fellespedagogisk synsvinkel slik at faget framstår som eit heilskapleg, integrert og profesjonsretta studiefag.

Ein nærare omtale av spesialiseringa og kva emne som inngår, finn du i studieplanen for bachelorprogrammet.

 

Masterutdanning i norsk som andrespråk

Vil du studere norsk som andrespråk på masternivå, gjer du dette innanfor masterprogrammet i nordisk språk og litteratur. Dette studiet er 2-årig, og består av ein kursdel som omfattar 60 studiepoeng og eit sjølvstendig arbeid som svarar til 60 studiepoeng (masteroppgåve).

 

Årsstudium i norsk som andrespråk 

Årsstudiet i norsk som andrespråk skal gje ei allsidig orientering om dei spørsmåla som reiser seg når personar med andre morsmål skal læra seg norsk språk og bli integrerte i det norske samfunnet. Faget er i første rekkje tenkt for studentar som planlegg å undervisa i norsk som andrespråk for elevar frå språklege minoritetar. Det høver også som etterutdanning for lærarar som ønskjer å utvida kunnskapane sine om språk, språklæring og språkundervisning. Nokre av studiemodulane vil òg kunna byggjast inn i andre studium, t.d. nordisk og framandspråk.

Kjernen i studiefaget er basert på det internasjonale vitskapsfeltet andrespråkstileigning, men er hovudsakleg fokusert på norsk språk og tospråklegheit i det norske samfunnet, og kva norsktame har å seia for sosial og kulturell integrasjon i majoritetskulturen i Noreg.

For meir inforamsjon, sjå studieplanen for årsstudiet. 

 

Vidareutdanning i norsk som andrespråk 

PRISME er eit nettstudium på deltid (50 % studieprogresjon). Studiet består av to emner/kurs på 15 studiepoeng innanfor eit moderne, yrkesretta og aktuelt fagfelt, Norsk som andrespråk.

For meir informasjon, sjå omtalen av PRISME på Senter for etter- og vidareutdanning sine nettsider.

 

Sist endret: 18.5.2010