Gå til innhold
English A A A

Nordisk språk og litteratur - FJERNORD


Fjernord er eit toårig fjernstudium i nordisk språk og litteratur på deltid, som gir kompetanse til å undervise i norskfaget i skolen.

 

Studiet er sett saman av to kurs i litteratur (15 + 15 studiepoeng) og to kurs i språk (15 + 15 studiepoeng). Dei 60 studiepoenga gir ei fordjuping som tilsvarar eit årsstudium i nordisk språk og litteratur. Det kan brukast som del av ein universitetsgrad og gir undervisningskompetanse i faget norsk.

Studiet består av følgjande emne:

  • Litteratur etter 1900 (NOLI102-F)
  • Moderne språk (NOSP102-F)
  • Språkhistorie og talemål (NOSP103-F)
  • Litteratur fram til 1900 (NOLI103-F)

Studiet er organisert som ein kombinasjon av individuelle studiar, drøftingar og rettleiing på nettet, samt undervisning på ei studiesamling. Les meir om studiet og opptaket her.

 

Sist endret: 1.3.2010