NORDKURS 2012: Søknadsfrist 1. mars 2012
Studentar i nordisk, litteratur og lingvistikk har sjansen til å ta sommarkurs i eit anna nordisk land!
Som sommarkursstudent får ein stipend som skal dekkje reise og opphald under kursperioden. Kurset er elles gratis, og gir 10 studiepoeng. Søknadsfrist: 1. mars 2012.
I år kan norske studentar reise til desse lærestadene:
• Reykjavik (kurs i islandsk språk og litteratur)
• Stockholm (kurs i svensk språk og litteratur)
• Nuuk (Grønland) (kurs i grønlands språk og litteratur)
• København (kurs i dansk litteratur)
• Århus (kurs i dansk språk og litteratur)
• Helsingfors (kurs i finlandsksvensk språk og litteratur)
• Finland 2 (fleire kurs i finsk)
Meir informasjon og søknadsskjema finn du her: http://www.nordkurs.org/norge/
Stipendsøknader frå Bergen skal leverast til Nordkurs-koordinatoren i Bergen, Ingrid Nestås Mathisen, LLE, Ingrid.Mathisen@lle.uib.no Ta kontakt om du lurer på noko!