Hjem

Evolusjonen frå ein ny synsvinkel

Nye funn frå Universitetet i Bergen avkreftar ein hundre år gammal hypotese om evolusjonen, ein gong for alle. Resultata er publiserte i det anerkjende vitskaplege tidsskriftet Nature.

Innan evolusjonsbiologi har hypotesen om inversjon vore diskutert i over hundre år. Tanken er at dei viktige delane i fleire dyr i løpet av evolusjonen flytta seg frå magen til ryggen, i alle fall innan visse dyr. For over hundre år sidan hevda den tyske zoologen Anton Dohrn at både menneske og insekt måtte ha den same stamfaren, med eit nervesystem som liknar på den menneskelege ryggrada. 

I dei siste åra har forskarar diskutert korleis nervesystemet utvikla seg i pattedyr, og inversjons-hypotesen har møtt motstand, men likevel dukka opp att om og om igjen. Det har likevel vore uklart kva tid og korleis nervebanar har oppstått i evolusjonen.

No kan ein artikkel i det vitskaplege tidsskriftet Nature avgjera spørsmålet ein gong for alle: ved å studera fleire forskjellige dyr (Xenacoelomorpha, Rotifera, Nemertea, Brachiopoda og Annelida) har forskarar vist at dei har utvikla nervebanar heilt uavhengig av kvarandre. Forskingsprosjektet er leia av Andreas Hejnol, ved Sars internasjonale senter for marin molekylærbiologi ved Universitetet i Bergen, saman med eit team med internasjonale forskarar.

brachiopod_larva.jpg

Brachiopod larva

LITEN, MEN VIKTIG: – Dette er ein symjande brachiopod, eller ein armfoting. Den symjer i planktonet og brukar trådane sine til å forsvare seg. Den er berre 150 mikrometer  stor - ganske liten til å gi så mykje innsikt i evolusjonen, forklarer Andreas Hejnol. 

Snudde mennesket seg?

– Inversjonshypotesen hevda at ein av menneska sine forfarar må ha snudd seg, ei omstilling av heile kroppen. I 1994 fann forskarar at eit nettverk av gener har gjort at nervene buntar seg saman, noko som vart brukt som prov på at nervebanar i dyr så forskjellige som floger og menneske har eit felles opphav. Dette ville vi sjå nærare på, seier Andreas Hejnol. Han har leia prosjektet, som har teke sju år.


TEAMET: Kevin Pang, Jose-Maria Martin Duran, Andreas Hejnol, Anlaug Furu og Aina Børve. Foto: Wei Deng.

Ved å samla og kultivere ni forskjellige dyreartar kunne forskarane samla sterke prov for at den gamle hypotesen sto for fall.

– Vi fann at dei molekylære mønstra ikkje kunne forklare korleis nervesystemet har utvikla seg. Tidlegare har dei vore brukte som bevis på at både menneske og dyr har eit felles opphav med ein tydeleg nervebane. Våre funn viser at dette ikkje gjeld. Det same gjeld hypotesen om at nokre dyr har snudd seg, seier Hejnol. 

acoel_juvenile.jpg

Acoel Juvenile, microscope

KOSEDYR: Eit forstørra bilete av ein acoel-makk. – Den ser ut som ein tribble frå Star Trek, men er mykje mindre, berre 150 mikrometer. Vi ser på framparten, eller andletet, der ein kjertel og sanse-celler er plasserte, forklarar Hejnol. 

Forstår nervesystemet betre

Inntil no har ein trudd at nervesystemet til virveldyr oppstod for rundt 600 millionar år sidan. 

– Våre funn plasserer opphavet mykje seinare, rundt 100 til 200 millionar år nærare vår tid. Det er viktig for forskarar å vite når dette hende på livets tre, seier forskingsleiaren.

Han seier at artikkelen i Nature vil gjere det lettare å forklare korleis nervesystemet har utvikla seg i dyr. 

– Vår avvising av at det er ein felles stamfar gjer det lettare å forstå at nervesystenet i dyr har utvikla seg på utallige forskjellige vis.

(Artikkelen fortset under biletet.)

lineus_ruber_2004.jpg

Lineus ruber: Its an adult ribbon worm (Slimormer in norwegian), Nemertean in latin. Its length is about 7 cm and from the rocky shore close to Bergen. They are dangerous predators - not for humans, but for other worms

ROVDYR: – Ein vaksen slimorm. Den er omtrent 7 centimeter og kjem frå kysten ikkje langt frå Bergen. Dei er farlege rovdyr, ikkje for menneske, men for andre ormar, seier Hejnol. 

Ei fagleg omvelting

Han trur at det vitskaplege feltet evolusjonsbiologi vil endra seg på grunn av funna. 

– Forskarane som hadde tru på den gamle hypotesen vil nok verte sjokkerte eller kanskje triste. Fleirtalet vil nok vere glade, derimot. Hypotesen har vore omstridd, men artikkelen vår er sterk nok til at den no er avkrefta, meiner Hejnol.

Hejnol mottok ERC Consolidator Grant i 2015, og har vore hovudforfattar på fleire artiklar som gir ny innsikt i evolusjonen. Alle er publiserte i anerkjende vitskaplege tidsskrift. 

– Tilnærminga mi er å sjå nærare på eit organ-system etter det andre. Vi vil finne ut nye ting og sjekke dei eksisterande hypotesane. Det neste prosjektet mitt er blodet, og korleis det har utvikla seg, avsluttar Hejnol. 

Les meir

sars-hejnol02_2.jpg

Collecting specimens
Foto:
Eivind Senneset

HENTAR DYR: Forskinga i Nature undersøkte ni forskjellige artar, som vart samla frå heile verda, også Noreg.