Hjem
Click

Matematisk institutt

Studiemoglegheiter i utlandet på bachelorprogrammet i matematiske fag

Som del av bachelorgraden i matematiske fag, kan du ta eit eller to semester i utlandet. Det finst mange moglegheiter når det gjeld kor du kan reise.

Kor tid passar det å reise?

Det er 5. og 6. semester som er best eigna for utanlandsopphold. Vi anbefal at du som ønskjer eit semester eller to i utlandet, gjer dette etter at du har fått på plass dei naudsynte obligatoriske faga i graden. Det er to grunnar til dette.

For det første medfører ein solid fagleg basis før utreise at ein kan velje blant fleire avanserte emne som det kanskje ikkje finst tilsvarande av ved UiB. For det andre er ein sikker på at ein har oppfylt dei obligatoriske krava for graden. Emnet MAT292 inngår normalt i 6. semester i bachelorgraden. Dersom du ønskjer å reise på utveksling i 6. semester, bør du ta emnet MAT292 i 4. semester.

NB! Studentar som ønskjer å starte på ein mastergrad må også sørgje for å få på plass dei obligatoriske faglege opptakskrava. Det er difor nødvendig med ein del planlegging for å unngå at utanlandsopphaldet skapar problem for resten av studiet. Ta kontakt med studierettleiar om du har spørsmål.

Kor passar det å reise?

Eit tilrettelagd delstudie inneber at du vil få hjelp til å sette saman eit delstudie som passar inn i bachelorgraden din. Det inneber også at det er eit faglig høgt nivå på faga som vert gitt på vertsuniversitet, i tillegg til at det finst faglig kontakt mellom miljøet i Bergen og universitetet der delstudiet føregår. Vi anbefaler at dei som ønskjer eit delstudie i utlandet tenkjer på det faglege utbyte om dei vel å reise ut. Av den grunn anbefaler vi avtala som garanterer eit godt matematikktilbod til dei som vel å reise ut

I menyen under finn du dei avtalane vi anbefaler for bachelor- og masterstudentar i matematiske fag.