Studiemoglegheiter i utlandet på bachelorprogrammet i matematiske fag

Som del av bachelorgraden i matematiske fag, kan du ta eit eller to semester i utlandet. Det finst mange moglegheiter når det gjeld kor du kan reise.

Kor tid passar det å reise?

Det er 5. og 6. semester som er best eigna for utanlandsopphold. Vi anbefal at du som ønskjer eit semester eller to i utlandet, gjer dette etter at du har fått på plass dei naudsynte obligatoriske faga i graden. Det er to grunnar til dette.

For det første medfører ein solid fagleg basis før utreise at ein kan velje blant fleire avanserte emne som det kanskje ikkje finst tilsvarande av ved UiB. For det andre er ein sikker på at ein har oppfylt dei obligatoriske krava for graden. Emnet MAT292 inngår normalt i 6. semester i bachelorgraden. Dersom du ønskjer å reise på utveksling i 6. semester, bør du ta emnet MAT292 i 4. semester.

NB! Studentar som ønskjer å starte på ein mastergrad må også sørgje for å få på plass dei obligatoriske faglege opptakskrava. Det er difor nødvendig med ein del planlegging for å unngå at utanlandsopphaldet skapar problem for resten av studiet. Ta kontakt med studierettleiar om du har spørsmål.

Kor passar det å reise?

Eit tilrettelagd delstudie inneber at du vil få hjelp til å sette saman eit delstudie som passar inn i bachelorgraden din. Det inneber også at det er eit faglig høgt nivå på faga som vert gitt på vertsuniversitet, i tillegg til at det finst faglig kontakt mellom miljøet i Bergen og universitetet der delstudiet føregår. Vi anbefaler at dei som ønskjer eit delstudie i utlandet tenkjer på det faglege utbyte om dei vel å reise ut. Av den grunn anbefaler vi avtala som garanterer eit godt matematikktilbod til dei som vel å reise ut

I menyen under finn du dei avtalane vi anbefaler for bachelor- og masterstudentar i matematiske fag.

  • Mindre bilder: 
    Technische Universiteit van Eindhoven - Nederland

    TU/e tilbyr kurs spesielt retta mot studentar som spesialiserer seg i anvend og utrekningsorientert matematikk

  • Mindre bilder: 
    Ruprecht-Karls-Universität Heidelberg - Tyskland

    Dette universitetet er særleg aktuelt for deg som er interessert i anvend matematikk. Dei tilbyr eit stort utval av emne. Universitetet er Tyskland sitt eldste og har i dag over 25 000 studentar, 5000 av dei er internasjonale.

  • Mindre bilder: 
    Aarhus Universitet - Danmark

    Aarhus Universitet har dei siste åra klatra på ulike rankinglister. Blant meir enn 17.000 universitet på verdsplan er universitetet rangert blant dei topp 100 på fleire innflytelsesrike lister.

  • Mindre bilder: 
    University of California - Berkeley

    Universitetet i Bergen vil (våren 2014) inngå ein utvekslingsavtale for studentar som studerer matematikk med eit av dei beste universiteta i verda, University of California - Berkeley i USA.

  • Mindre bilder: 
    Hong Kong University of Science & Technology

    Hong Kong University of Science and Technology (HKUST) har sidan skipinga i 1991 rukket å bli ein av dei leiande universiteta i Asia.

  • Mindre bilder: 
    The University of Hong Kong

    The University of Hong Kong (HKU) er det mest sentrale universitetet i Hongkong, med si plassering på Hong Kong Island.

  • Mindre bilder: 
    Studentintervju og studentrapportar

    Her finn du intervju og rapportar frå UiB-studentar som har studert i utlandet. Å høyre kva andre har opplevd og erfart på utveksling kan hjelpe deg til å velje utvekslingsstad, og vil vere nyttige når du skal førebu deg på å reise ut.

  • Mindre bilder: 
    Utveksling i Europa

    UiB har rundt 650 erasmusavtalar med 270 ulike universitet. Vi har også nokre utvekslingsavtalar med universitet i Europa utanom Erasmusprogrammet. Dette gjeld særleg på Dei britiske øyer og i Polen.

  • Mindre bilder: 
    Utveksling utanfor Europa

    Utanfor Erasmus/Nordplus skjer utvekslinga gjennom bilaterale avtalar, det vil seie samarbeidsavtalar som er inngått direkte mellom UiB og eit anna universitet. Her finn du ei oversikt over UiB sine utvekslingsavtalar.

  • Mindre bilder: 
    Klar til å søkje

    Du skal no blant anna ha lese om minimumskrava til studentar som ynskjer å reise på utveksling gjennom UiB sine avtalar.