For deg som kjem frå vidaregåande skole.

Informasjon om korleis du søkjer opptak til Universitetet i Bergen finn du her. Dagens krav for å bli tatt opp som student er generell studiekompetanse og: matematikk R1 eller (S1+S2) og ein av modulane matematikk (R1+R2) , fysikk (1+2), kjemi (1+2), biologi (1+2), informasjonsteknologi (1+2), geofag (1+2) eller teknologi og forskningslære (1+2). Vi gjer merksam på at kursa som inngår i Matematisk institutt sitt bachelorprogram krev gode forkunnskapar frå  R2, så vi tilrår at du har hatt R2 og fått 4 eller betre i dette.

Som ny student vil du i ditt første haustsemester ha tre fag. Examen philosophicum, eit av dei to matematikkemna MAT101/MAT111 og eit tredje fag som avheng av kva for eit studieprogram du er teken opp på. For Bachelorprogram i matematiske fag er det MAT111 som er det naturlege matematikkfaget å velje, og som tredjefag er det eitt av dei to kursa STAT110 Grunnkurs i statistikk og INF100 - Grunnkurs i programmering I som er dei alternativa nye studentar har å velje mellom. Kombinasjonen INF100 og MAT111 vert rekna som meir krevjande enn STAT110 og MAT111.

(MERK: Dersom du alt har tatt examen philosophicum, så er det veldig viktig at du kontaktar studierettleiarane ved fakultetet i god tid før semesterstart for informasjon om kva du bør velje.)

Sjå elles Studere ved UiB sin omtale av dei ulike studieprogramma for meir informasjon om dei ulike programma sine faglege krav. Normert skal du etter å ha studert i 3 år ha på plass krava for tildeling av ein bachelorgrad, og i tilfelle du ønskjer å gå vidare med ein mastergrad (normert til 2 år) må du då også ha fått på plass dei rette faglege føresetnadane for dette.