Studentar med tidlegare utdanning frå høgskole/universitet.

Alle med tidlegare utdanning frå høgskole- eller universitetsnivå må søke om innpassing på eige skjema. Innpassinga er ei fagleg vurdering av din tidlegare utdanning i forhold til emne ved UiB. Det er ingen særskild søknadsfrist. Etter ferdigbehandling vil du få et brev der det står kva emne du (eventuelt) får fritak for og mot kva for emne det er overlapp (studiepoengsreduksjon).

I dei aller fleste tilfelle vil studiepoeng du har frå tidlegare utdanning bli godkjent. Dette vert kalla "tid for tid-prinsippet". Eventuelle reduksjonar av studiepoeng vil tre i kraft dersom du tek fag hjå oss som har fagleg overlapp med fag du alt har tatt.

NB!! Nokon utdanningar må vere fullført for å gi utteljing (til dømes NKI, BI, NHHK m.fl.).

Dersom du ikkje har søkt om innpassing på forhand, kan det vere at du får deg ei mindre hyggeleg overrasking når du søker om opptak til mastergrad eller ber om vitnemål. Det kan då vise seg at du ikkje oppfyller de formelle krav pga. overlapp mellom din tidlegare utdanning og dei emna du har tatt ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Innpassinga kan vere med på å korte ned studietida di. Ved å søke om innpassing med ein gong vil du frå første stund vite kva du får fritak for. Du kan da legge opp ein fornuftig studieplan frå første stund.