MAT101 eller MAT111

For dei som har valfridom er her litt informasjon om kursa

Nye student ved eit realfagleg studieprogram har i sitt første semester eit matematikkemne. Ein del studieprogram er lagt opp med at studentane skal ta MAT111, medan andre har valfridom mellom MAT101: Brukarkurs i matematikk og MAT111: Grunnkurs i matematikk I.

Begge emna utgjer 10 studiepoeng, dvs at dei har lik arbeidsmengde. Dei overlappar med 5 studiepoeng, slik at dersom du tek begge emna så får du einast 15 studiepoeng.

MAT101 er ment å vere ei avsluttande eining og kan veljast for mange retningar i biologi, geologi og kjemi.

Dei fleste vidaregåande emne i matematikk bygger på MAT111, og alle som planlegg et studium i matematikk, informatikk, fysikk, meteorologi og oseanografi har derfor MAT111 i studieplanen. Elles vil du finne retningar innan alle realfag der tunge matematikkunnskapar er nødvendig.

Framstillinga av matematikken i MAT101 er retta meir mot bruksområde og reknemetodar enn i MAT111. Stoffet i MAT101 blir i stor utstrekning gitt ved eksempel og bruk. I MAT111 vert det lagt større vekt på det teoretiske bak matematikken og å forstå tankegangen bak likningane ein nyttar, men også dette faget fokuserer mykje på rekning av eksempel og bruksområde til matematikken.

Stoffvalet i dei to emna har mange fellestrekk, men utvalet er breiare (vidare) i MAT101 enn i MAT111. Til dømes vert det tatt med litt stoff om funksjonar av fleire variable i MAT101, men MAT111 går til gjengjeld djupare ned i stoffet som vert gjennomgått. Begge emna repeterar litt grunnleggande stoff frå den vidaregåande skulen, men MAT111 har mindre repetisjon og held eit litt raskare tempo enn MAT101.

For vidare studiar i realfag er det MAT111 som held alle dører opne, slik at dei fleste med ein god R2 bør velje MAT111. Dei som trenger MAT111 i graden sin, men likevel vel å ta MAT101 i første semester for så å ta MAT111 seinare, må rekne med å bruke meir enn normert tid på bachelorgraden.