Masterprogram
For opptak til våre ulike masterprogram er det to søknadsfristar per år: 1. november for oppstart om vårsemesteret og 15. april for oppstart om haustsemesteret. Søk gjennom Søknadsweb. NB: Søknadsweb'en opnar ikkje før omlag ein månad før søknadsfristen går ut. Du treng ikkje vere student ved UiB for å bruke søknadsweb'en til å søkje om opptak til våre mastergradsprogram (det einaste kriteriet er at du har eit norsk personnummer), men studentar som har tatt sin bachelorgrad (eller tilsvarande) ved ein annan utdanningsinstitusjon bør ta kontakt med instituttet i god tid for å få vurdert om utdanninga dekker opptakskrava våre.