Hjem
Click

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet

Formidling

Desentralisering gir auka formidlingskraft

Meir forskingsformidling frå naturvitskap når Jens Helleland Ådnanes flytter frå Kommunikasjonsavdelinga til MatNat-fakultetet.

Jens Ådnanes

JensÅdnanes
– Eg ville gjerne jobbe med å formidle forsking og utdanning som er i verdsklasse, og MatNat var mitt førsteval, seier Jens Helleland Ådnanes. 2. januar kjem han til MatNat-fakultetet.
Foto:
Kim E. Andreassen

– Eg håpar forskinga og utdanninga ved fakultetet kan nå endå fleire! Å arbeide som kommunikasjonsrådgjevar ved MatNat er eit luksusproblem – det er ikkje langt mellom dei gode sakene og prosjekta som mange vil vere interesserte i å vite meir om. Kan hende me kan nå endå fleire utanfor Noreg? seier Ådnanes.

Frå årsskiftet vert deler av aktiviteten ved Kommunikasjonsavdelinga i Nygårdsgaten desentralisert. Kvart fakultet får plassert ut ein ny medarbeidar. Målet er å komme tettare på forskingsmiljøa.

- Kvifor ville du til MatNat-fakultetet?

– Eg ville gjerne jobbe med å formidle forsking og utdanning som er i verdsklasse, og MatNat var mitt førsteval. Det er mykje spanande og viktige ting som vert skapt ved fakultetet, det er motiverande å få vere med på å fortelje dette til folk i Noreg og resten av verda.

- Kva erfaring har du så langt med realistane?

– Forskarar ved MatNat er mellom dei flinkaste til å formidle forskinga si på ein måte som er forståeleg for mange, sjølv om dei ofte forskar på saker som kan vere svært kompliserte. Det er spennande at det er eit så internasjonalt fagmiljø, det seier også mykje om kvaliteten på både forskinga og utdanninga.

- Kven er du, Jens?

- Eg er 40 år gamal, gift og har tre ungar. Eg vaks opp i Kinsarvik i Hardanger, og har budd i Bergen i meir eller mindre 20 år. For ti år sidan fekk eg min første journalist-jobb, og i 2009 byrja eg ved UiB som redaktørvikar i På Høyden. Etter det har eg arbeidd med tekst, foto og sosiale medier i Kommunikasjonsavdelinga. Eg har eit hovudfag i Kulturvitskap frå UiB.

MatNat-fakultetet har hatt eigen kommunikasjonsrådgjevar sidan august i år. Fakultetsdirektør Elisabeth Muller Lysebo ser fram til å forsterke formidlingsarbeidet.

- Ved fakultetet skjer det mykje spanande forsking og utdanning. Me ynskjer at fagmiljøa våre skal vere aktive i å formidle ny innsikt. At Jens no kjem til fakultetet, vil styrke vår moglegheit til å gjere nettopp dette. Naturvitskap, matematikk og teknologi er viktig for å løyse samfunnets utfordringar. Slik kunnskap er viktig for oss å formidle ut i samfunnet.