Hjem
Click

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet

Biologi

Professoren som endra faget sitt

John Birks vart professor emeritus for to år sidan, men har ingen planar om å ta seg fri. Han vil fortsetje å forske i mange år framover.

Johns Birks

John Birks
FORTSET Å FORSKE: Professor emeritus John Birks har ambisjonar for forskinga si, sjølv om han er emeritus.
Foto:
Jens Helleland Ådnanes, UiB

– Eg er så glad i jobben min. Eg set pris på kontakten med unge studentar og yngre forskarar. Eg arbeider ikkje så hardt som eg gjorde før, men eg har framleis fleire ambisjonar, seier John Birks, professor emeritus ved Det biologiske institutt.

Birks har spesialisert seg innan pollen-analyse, vegetasjons-historie og kvantitativ paleoøkologi. Han har doktorgrad frå Universitetet i Cambridge.

Han og kona Hilary Helen Birks flytta til Bergen i 1985. Hilary er også ein anerkjent forskar innan paleoøkologi og klimaforsking.

Ein internasjonal forskar

– Ein av hovudgrunnane til at me flytta til Bergen var at Hilary aldri hadde fått sjansen til å realisera si vitskaplege karriere på same måte i Storbritannia. Me tenkte at endring ville vere bra for oss, og har aldri angra, seier Birks.

Gjennom karrieren sin har han haldt kontakten med britiske forskarar. Han har også samarbeida tett med kona si, eit samarbeid han skildrar som fantastisk.

– Eg er svært heldig, og deler interesser med Hilary, ho er like glad i forskinga si som eg. Me har aldri hatt problem med å jobba tett saman, sjølv om ho nokon gonger meiner at eg arbeider for mykje. Og eg kan meine at ho arbeider for mykje, seier professoren.

Rekonstruerer fortida

Birks er professor i kvantitativ paleoøkologi, som kvantitativt rekonstruerer fortidige økosystem, ved hjelp av data frå fossil. Han er mellom dei første til å bruka numeriske metodar i analyse av pollen.

Han har også forska på plantetoleransar i forskjellige typar fortidsklima, og har skapt klimasimulasjonar. Nokre av simulasjonane gjekk 12 000 år tilbake i tid. Det fortel oss meir om korleis økosystem varierte i fortida, og korleis dei kan endre seg i framtida.

I 2015 var deltakarar frå fleire land på jubileums-seminaret for Birks i Bergen. I tillegg bidrog dei med artiklar til ei spesialutgåve av det vitskaplege tidsskriftet The Holocene, kalla ‘At the frontiers of palaeoecology: A special issue to honour H. John B. Birks’.

I 2012 fekk Birks ein Lifetime Achievement Award  frå International Paleolimnology Association. Han vart hylla for å ha endra disiplinen på 80-talet.

“Teknikkane han introduserte har no blitt standard i alle paleolimnologi-laboratium i verda. Det er vanskelig å skildre arva etter John, men bidraga hans og påverking hans har vore enorme, sa biolog John Smol ved markeringa.

Dynamikken i vitskapen

Birks meiner at det å verte respektert av sine likemenn er noko av det største han har opplevd som vitskapsmann.

– På eit meir kvardagsleg nivå innser eg at eg har vore med på endra mi grein av vitskapen. Den har utvikla seg frå å vere eit deskriptivt fag til eit kvantitativt og analytisk fag. Det har skjedd ei stor endring innan paleøkologi i mine femti år som forskar.

Rådet hans til unge forskarar er å alltid gjere så godt dei kan.

– Ikkje ta det ille opp om noko du har gjort tidlegare vert kritisert, endra eller innhenta av ny kunnskap. Av og til ser eg på ting eg arbeidde med på 60-talet, og må berre rynke på nasa. Det er aldri kjekt at nokon beviser at du har teke feil, men vitskapen må gå vidare og utvikle seg. Det er det som er vitskapens natur – den er dynamisk!