Hjem
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
Bioinformatikk

Storsatsing på bioinformatikk

Computational Biology Unit er eit leiande forskingssenter innan bioinformatikk. I ei storsatsing på bioinformatikk skal dei no tilsetje fem unge forskarar.

CBU
REKRUTTERER: CBU-teamet skal uvidats og lyser ut fem forskarstillingar.
Foto/ill.:
Mtus Kalas, CBU

Hovedinnhold

– Vi har vore leiande på feltet vårt i Noreg sidan tidleg på nittitalet. No vil vi heve kompetansen endå nokre nivå, seier Inge Jonassen, leiar av Computational Biology Unit (CBU).

CBU er i desse dagar i ferd med å tilsetje fem framifrå unge forskarar. Forskarane skal fungere som leiarar av forskingsgrupper.

Rekrutteringa er gjort mogeleg gjennom eit prosjekt på om lag 140 millionar kroner over ti år. Prosjektet er støtta av Bergens Forskningsstiftelse, Universitetet i Bergen og Haukeland Universitetssjukehus. Målet er å forsterke forskinga på bioinformatikk i Bergen og i Noreg.

– Livsvitskapane vert stadig meir dataintensive, og for å forstå komplekse biologiske system treng ein datamodellar. Dermed stig behovet for forsking innan vårt felt også, seier Jonassen.

Vil ha dei beste forskarane

Forskarane CBU ser etter er unge, ambisiøse og med eit sterkt ønske om å driva bioinformatikken vidare. I tillegg må dei kunne bygge framifrå forskingsgrupper rundt seg.

– Vi vil ha dei beste forskarane, seier Jonassen.

Dei som vert tilsette vil verte delar av eit aktivt og samansveisa forskingsmiljø, lovar han.

Å arbeide saman

CBU er samansett av fleire grupper frå Institutt for informatikk og Molekylærbiologisk institutt. Ein har også tette band til fleire andre institutt ved universitetet, som Sars-senteret.

– Vi er nære både reint geografisk og når det gjeld samarbeid. Våre nye forskarar vil få eit utmerka høve til å jobbe med desse og andre grupper i Bergen – og med forskarar frå heile verda. Vi ser det som ei styrke at det er sterke grupper lokalt, både innan informatikk, biologi og medisin, seier CBU-leiaren.

Dei nye forskarane vil utvikla sine eigne forskingsprogram og får minst ein ph.d.-stilling til å bidra i oppstarten av ei forskingsgruppe.

Å utdanne ein ny generasjon

I tillegg til å vere utmerka forskarar må kandidatane vere motiverte til å delta i undervisning og rettleiing, og ha erfaring frå å ha jobba med studentar, fortel Jonassen.

– Målet vårt er å utdanne ein ny generasjon bioinformatikarar og forskarar innan livsvitskapane, folk som kan bruke datametodar som ein integrert del i forskinga si, seier han.

Jonassen skildrar miljøet i både Bergen og CBU som opent og venleg.

– Inntrykket mitt er at folk likar seg her. Fleire har vore her for kortare forskingsopphald, men kjem til meg og fortel at dei gjerne vil fortsette å forske og bu her, seier han.

Vil ta eit nytt steg

Hovudfokuset ved CBU er å utvikle nye datametodar og å forstå grunnleggjande biologiske spørsmål ved hjelp av datametodar.

– Vi har utvikla fleire metodar og verktøy som vert brukte av forskarar verda rundt. CBU har også spelt ei viktig rolle i større samarbeidsprosjekt på det marine og medisinske feltet, til dømes innan forsking på fiskegenomikk og kreft. Vi kan vere stolte av å ha utvikla og vedlikehalda løysingar for infrastruktur, som er nyttige for mange grupper innan livsvitskapane, seier han.

No vil CBU ta eit nytt steg og verte eit leiande forskingssenter i Europa.

– Ønsket vårt er å spele ei viktig rolle. Det er eit skrikande behov for ekspertar innan bioinformatikk i både Europa og Noreg, seier Jonassen.