Hjem
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
Nyheter

Han vil vinne kappløpet om Nordpolen

Rolf Birger Pedersen og K.G. Jebsen-Senter for dyphavsforsking sin største ambisjon er å utforske havdjupet under polarisen, der ingen tidlegare har vore. Skal kappløpet vinnast må statlege midlar til.

Rolf Birger Pedersen, portrett.
PÅ TOKT UNDER ISEN: Rolf Birger Pedersen og K. G. Jebsen-senter for dyphavsforskning vil at Bergensforskarar skal vere dei første til å utforske under isen på Nordpolen. Bak Pedersen ser ein den fjernstyrte ubåten Ægir 6000, som kan dykke ned på 6000 meters djup.
Foto/ill.:
Jens Helleland Ådnanes

Hovedinnhold

– Vi lever i ei tid der vi framleis utforskar planeten. Under pol-isen er det eit landskap ingen har sett.

Rolf Birger Pedersen vil utforske havdjupa under den arktiske isen ned til 5000 meters djup. Pedersen er leiar for K.G. Jebsen-senter for dyphavsforskning, som vart offisielt opna 29. mai 2017. Senteret vil kartlegge det vulkanske landskapet, finne varme kjelder med unike økosystem, nye artar og mineralførekomstar.

Eit kappløp under Nordpolen

I 1911 og -12 føregjekk det eit kappløp om å kome først til Sydpolen. I dag bryggar det opp til eit nytt internasjonalt kappløp om å vere dei første til å utforske havdjupa under pol-isen i Arktis med fjernstyrte og autonome undervassfarkostar.

Rolf Birger Pedersen trur forskarar frå Bergen kan vera dei første til å ferdast der ingen andre har vore før.

– Vi var dei første til å utforske Norskehavet med fjernstyrte undervassfarkostar. Den fremste ambisjonen er å vere dei første til å gjere dette under isen i Polhavet. Nokre forskarar har prøvd seg, men har hatt store problem fordi utstyret ikkje har vore tilpassa dei ekstreme tilhøva . Saman med Havforskingsinstituttet har vi i fleire år planlagt korleis UiB sin nye fjernstyrte undervassfarkost "Ægir-6000" skal kunne opererast frå Norges nye isbrytar. Forskingsskipet Kronprins Haakon saman med Ægir-6000 kan verte ein nøkkel i å knekke polis-koden.  Med vårt utstyr og kompetanse kan vi få det til, seier Pedersen.

Pionerarbeid på havets djup

Gjennom fleire år har Pedersen og Senter for geobiologi gjort banebrytande funn på fleire tusen meters djup i Norskehavet. I 2008 vart Lokeslottet, med sine kjelder på 320 grader varmt vatn oppdaga. Desse viser at også Noreg er eit vulkansk land, men under havet. Forskarane fann nye dyreartar, nye mikrorganismar og store mineralforekomstar - og kunne teikne inn kvite flekkar på det norske djuphavskartet. Senter for geobiologi vert avslutta i desse dagar, men kunnskapen og forskinga fortset med K.G. Jebsen-senter for dyphavsforsking. Senteret opnar offisielt i slutten av mai 2017.

Vil ha fleire tokt

Stiftesen Kristian Gerhard Jebsen støttar senteret med opp til 48 millionar kroner over seks år - med ei evaluering midtveis. I tillegg kjem gåveforsterkingsmidler på tolv millionar kroner, og betydelig støtte frå Universitet i Bergen. Pedersen er takksam for at forskinga ved senteret er finansiert for fleire år framover.

– Senteret har no finansiering til å vidareføre utforskinga av Norskehavet og til å gjennomføre dei første pionerdykka til dei store havdjupa under isen, seier han.

Skal ein lukkast med ambisjonane om å utforske under isen, må det meir statlege midlar til, meiner han.

– Skal Norge utnytte dei nye moglegheitene, den nye infrastrukturen, og dei sterke forskingsmiljøa som er bygde opp må Regjeringa og den norske stat støtte opp om fleire tokt i Arktis.