Hjem
Click

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet

Nyheter

Senter for djuphavsforsking opna

Ein stor dag for norsk marin forsking, meiner klima- og miljøminister Vidar Helgesen då han opna K.G Jebsen-senter for dyphavsforskning.

Vidar Helgesen

Vidar Helgesen
KLART FOR MEIR DJUPHAVSFORSKING: Klima- og miljøminister Vidar Helgesen opna K. G. Jebsen-senter for dyphavsforskning 29. 05.2017.
Foto:
Jens Helleland Ådnanes

Universitetet i Bergen sitt nye forskingssenter skal utforska havdjupa, der ingen andre har vore før. ” K.G. Jebsen-senter for dyphavsforskning” vart offisielt opna av klima- og miljøminister Vidar Helgesen 29. mai 2017.

– Det er ein stor dag for norsk marin forsking når vi markerer opninga av det nye Jebsen-senteret for dyphavsforskning her ved Universitetet i Bergen, sa Helgesen.

Ved hjelp av nyskapande teknologi som  fjern- og sjølvstyrte undervatnsfarkostar, forankra riggar og gliderar, bøyer og undersjøiske observasjonsplattformar kan ein oppdaga og utforska havdjup ingen andre har sett før. Kvite flekkar på det undersjøiske kartet kan fyllast ut.

Inspirert av kaptein Nemo

Det nye senteret inspirerte ministeren til å sitere Jules Verne sin roman ”Ei verdsomsegling under havet” og ein passasje i boka der kaptein Nemo oppdagar ein undersjøisk vulkan. I 2008 vart det undersjøiske ”Lokeslottet” med sine varme kjelder og vulkanske aktivitet oppdaga av Senter for geobiologi. Kunnskapen og kompetansen frå det snart avslutta senteret vert teken vidare gjennom det nye senteret.

– Djupet i Atlanterhavet er framleis mystisk og ganske lite kjent for oss. Men de er sterkt delaktig i å auke kunnskapen gjennom djuphavsforskinga. Arbeidet dykkar har alt lært oss mykje nytt om Den midtatlantiske ryggen, sa Helgesen.

Takkar stiftinga

Stiftelsen Kristian Gerhard Jebsen støttar det nye senteret med opp til 48 millionar kroner over seks år - med ei evaluering midtveis. I tillegg kjem gåveforsterkingsmidler på tolv millionar kroner, og betydelig støtte frå Universitetet i Bergen.

Rektor ved Universitetet i Bergen, Dag Rune Olsen, takka stiftinga for den rause støtta til det nye senteret.

– Senteret vil verte eit flaggskip for djuphavsforsking i Bergen og Noreg. Det vil ta ei leiande rolle internasjonalt i å utforske havdjupa, sa Olsen i si tale. 

Senterleiar Rolf Birger Pedersen takka også stiftinga. Han meinte at senteret ikkje kunne verte realisert utan støtta. Han nemnte også Senter for geobiologi, som no vert avvikla, som ein viktig faktor for at senteret no er på plass.

– Det er ei glede å sjå at senteret no vert opna. For ti år sidan opna vi Senter for geobiologi, no byggjer vi vidare på kunnskapen og kompetansen frå dette senteret, sa Pedersen. 

Havet har svaret på utfordringar

Klima- og miljøministeren framheva at forskinga og den nye kunnskapen frå det nye senteret vil vere viktig for både Noreg og verda i framtida: matressursar, energi og medisin og eit vitskapleg innblikk i prosessar og miljø i djuphavet.

– Ressursane i havet er avgjerande for å løyse dei globale utfordringane, sa Helgesen.

Han understreka også at forsking og kunnskap er naudsynt for å skapa berekraftig bruk av havet.

– Det er viktig at Noreg er langt framme på marin forsking. Det er Senteret for djuphavsforsking eit godt døme på, avslutta Helgesen.