Hjem
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
Nyheter

Hormonet som kan overvinne muskelsvinn

Eldre, kreftpasientar, og overvektige kan få hjelp gjennom eit hormon som byggjer musklar, viser ny forsking frå Universitetet i Bergen.

Illustrasjonsbilete - muskel, figur
STYRKAR MUSKLANE: Forskarar frå UiB har avdekka at hormonet FG19 byggjer muskelmasse, noko som kan hjelpe pasientar med kreft, alderdomsplager eller overvekt.
Foto/ill.:
Colourbox

Hovedinnhold

Hormonet ”Fibroblast growth factor 19” (FGF19) kan auke muskelmassen i mus, samt i menneskelege muskelceller i laboratorietestar.

– Dette kan hjelpe alle som har problem med musklar, til dømes kan pasientar som mister vekt gjennom kreftbehandling ha stor nytte av ein slik medisin, seier Jérôme Ruzzin, forskar ved Institutt for biologi ved Universitetet i Bergen (UiB).

Saman med forskarar frå UiB og den franske forskingsinstitusjonen INSERM har han testa FGF19 på mus i sju dagar. Testane viste at dyra la på seg mindre og utvikla mindre mengder kroppsfett, sjølv om dei åt meir mat. I tillegg auka både muskelmassen og –styrken i dyra.

Resultata frå undersøkjinga er publiserte i det vitskaplege prestisjetidsskriftet Nature Medicine.

Større musklar

Vidare forsøk viste at FGF19 gjorde at fibrane i musklane vart større.

Redusert muskelmasse er eit problem som påverkar livskvalitet og kan auka faren for å døy. Å miste styrken i musklane vert ofte observert hjå eldre og hjå pasientar med kroniske sjukdommar som overvekt, kreft og nyresjukdommar. Pasientar som av ulike grunnar ikkje kan bevege seg vert også utsett for muskelsvinn.

Forskarteamet har undersøkt potensialet for at FGF19 kan brukast terapeutisk i forskjellige modellar med forsøk på mus, som alle undersøkjer muskelsvinn. Alle forsøka viser at behandling med FGF19 kan oppretthalda eller auka muskelmassen, noko som gir god grunn til å tru at det kan brukast som eit helsefremjande middel.

Kan bli medisin

Ruzzin meiner det ikkje treng å ta lang tid før forskingsresultata kan utviklast til ein medisin som kan hjelpe pasientar.

– Det er avhengig av at vi får den økonomiske støtta vi treng, til dømes ved at eit farmasøytisk firma ser nytten i dette. Det er ein omfattande prosess der vi utviklar eit molekyl som kan gi spesifikk effekt til musklane, utan negative bieffektar. Så må vi teste på menneske, før det eventuelt kjem menneske som treng det til gode, seier han. I tillegg vil vi videre undersøke om FGF19 kan ha andre gunstige helse-effektar.