Hjem

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet

Nyheter

Fekk prisar for framifrå undervising

Atle Rotevatn og Helge Drange får ein halv million kroner kvar for si framifrå undervising. 

drangerotevatn.png

Helge Drange og Atle Rotevatn
Professorane Helge Drange (til venstre) og Atle Rotevatn får pris for Olav Thon Stiftelsen for framifrå undervising.

Olav Thon Stiftelsen deler årleg ut prisar til personar og forskingsprosjekt som har utmerka seg spesielt innan sine fagområde. I tillegg får fem personar 500.000 kroner kvar for framifrå undervsining. 

To av dei fem som får denne prisen i år er frå UiB: Helge Drange og Atle Rotevatn

Professor Helge Drange er ein av initiativtakarane til prosjektet Ekte Data, som gir elevar i den vidaregåande skulen oppgåver med tal frå naturen. Prosjektet hentar målingar og datasett fra vatn, land og luft, og lagar oppgåver tilpassa matematikk- og naturfagundervisning på ulike trinn. Ekte data er utvikla av Geofysisk institutt og Skolelaboratoriet i realfag ved Universitetet i Bergen.

Atle Rotevatn er professor ved Institutt for geovitenskap ved Universitetet i Bergen. Her kan du sjå video og lese meir om korleis han og studentane bruker droner for å læra meir om korleis fornybar energi kan hentast opp frå jordskorpa: