Hjem

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet

Biovitskap

Parasittologien si framtid

Adele Mennerat sitt store vitskaplege mål er å gi verda meir kunnskap om korleis naturleg utval påverkar parasittar og korleis dei utviklar seg.

Adele Mennerat, University of Bergen

Adele Mennerat, University of Bergen
LAGAR BRU MELLOM DISIPLINAR: Det er eit skilje mellom evolusjonær biologi og medisinsk samt veterinær parasittologi som må forsvinne, i følgje forskar Adele Mennerat.
Foto:
Jens Ådnanes

Adele Mennerat, forskar ved Institutt for biovitskap ved Universitetet i Bergen, har tatt på seg eit oppdrag. 

– Målet mitt er å auka kunnskapen om naturlig utval, og korleis utval påverkar parasittar og patogen og korleis dei utviklar seg. Eg er frustrert over at vi veit så lite, seier den evolusjonære økologen. 

Ho har bakgrunn frå både økologi og molekylærbiologi, og har vore tilsett som forskar ved UiB sidan 2008. 

Mennerat forklarar at dagens kunnskap er begrensa av kva egenskaper det er som gjer parasittar meir eller mindre vellukka. I tillegg er det langt mellom empiriske studier av relevante system. 

– Parasittar er utfordrande å studera i naturen. Dei er små, og sidan smitte er vanskeleg å setja tal på er det mange aspekt som framleis ikkje vert skikkeleg forstått, forklarar Mennerat. 

Menneska påverkar parasittane

Gjennom sitt planlagte forskingsprosjekt skal Mennerat kombinera fleire ulike målemetodar ved å samla data frå parasittar i laboratorium. Resultatet vil gi oss ny innsikt i korleis menneskeleg åtferd er ein del av mekanismane for tilpassing og utvikling hjå parasittar. 

På noverande tidspunkt er dei fleste vitskapsfolk innan evolusjon klare over korleis parasittane sjølve påverkar vertane sine, og korleis dei eksisterer saman. 

– Vi veit mindre om parasittane sjølve, korleis natuleg utval påverkar dei og korleis trekka deira utviklar seg, seier forskaren. 

Livsviktig kunnskap

Det å få vita meir er svært viktig, i følgje forskaren. Parasittar er overalt. Det er sjeldan ein kan finna eit dyr som ikkje ber på minst ein parasittisk art. 

– Vi må vita meir om korleis våre handlingar påverkar parasittane, og korleis dei kjem til å utvikla seg. Vi veit at den menneskelege påverkinga på økosystema er enorm, og det gjeld ikkje berre klimaendringar. For parasittane sin del er det kanskje kor tilgjengeleg vi gjer vertane som står for den største forandringa, seier Mennerat. 

Vil sameine to disiplinar

Eit av hennar langtidsmål er å byggja bru mellom to vitskapsgreiner. Det er i dag eit gap mellom evolusjonærbiologi på den eine sida og medisinsk samt veterinærmedisinsk forsking på den andre. 

– Eg meiner at dei fleste akademikarane innan veterinærfaget og medisin veit for lite om dei utviklingsmessige konsekvensane av å behandla mot parasittar. Eg har som mål at prosjektet mitt skal verta byrjinga på ei ny merksemd og igjen skapa meir forsking på emnet. Lukkast me kan det føra saman to disiplinar på ein ny og produktiv måte, seier forskaren. 

Å setja modellar ut i livet

No ser ho etter måtar å få prosjektet opp og stå så snart som råd. Ho er sikker på at det å teste modellar under realistiske forhold vil vera ein suksess. 

– Modellar er nyttige sidan dei let oss gjera ting enklare, men einkvar modell må testast. Teori er det første steget, men vi treng å utfordra dei og gjera det om til noko som kan vera relevant for den verkelege verda, konkluderer Mennerat.