Hjem

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet

Utvekslingsmoglegheiter ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultet

Det er mange gode grunnar til å reise på utveksling. Du kan studere fag du ikkje kan studere i Noreg, du kan bli kjent med en ny kultur, du vil få vener frå heile verda og du får noko å skryte av på seinare jobbintervju. Ein annan god grunn til å reise på utveksling er at du får høve til å lære deg språket i landet du reiser til.

Vi har to søknadsrunder for utveksling kvart år:

Søknadsfristen 1. februar gjelder om du planlegg å reise på utveksling i påfølgande haustsemester (+ ev. vårsemester).

Søknadsfristen 1. september gjelder om du planlegg å reise på uteksling i påfølgande vårsemester.

Eit alternativ til utveksling er opphald ved Universitetssenteret på Svalbard (UNIS). Studentar som kvalifiserer seg til å studere arktisk biologi, geologi, meteorologi og oseanografi eller teknologi kan søke.