Hjem
Click

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet

Poststudierett ved MN-fakultetet

Når du har fullført ei grad ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet vil studieretten din automatisk bli avslutta. Dersom du ønsker å fortsette studiene kan du søke om poststudierett.

Kva er poststudierett?

Poststudierett er ein rett til å studere eit eller to semester etter at du har fullført ei grad ved fakultetet. Kor lenge og kor ofte ein kan søke om poststudierett er avhengig av om du har fullført ei lågare eller høgare grad:

Fullført bachelorgrad

Når du har fullført ei bachelorgrad kan du få tildelt poststudierett i perioden mellom avslutta bachelorgrad og neste samordna opptak:

  • Fullført grad i vårsemesteret: poststudierett to semester (haust og vår)
  • Fullført grad i haustsemesteret: poststudierett eit semester (vår)

Du må søke om opptak til poststudierett det påfølgjande semesteret etter at du har oppnådd ei bachelorgrad, det betyr at dersom du er ferdig med ei grad til sommaren, må du søke om poststudierett frå hausten av same år. Dersom du ventar eit semester eller meir etter oppnådd grad vil søknaden om poststudierett ikkje bli innvilga.

Dersom du ønsker å fortsette studia når poststudieretten går ut må du søke om ny studieplass. Har du lyst til å ta ei ny bachelorgrad eller årsstudium søker du gjennom samordna opptak. Har du lyst til å ta ei mastergrad eller praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) søker du gjennom søknadsweb. Studentar med poststudierett kan ikkje søke om intern overgang til eit anna studieprogram.

Fullført mastergrad eller ph.d.-grad

Når du har fullført ei høgare grad (master/cand.scient., ph.d.) ved MN-fakultetet kan du søke om og få tildelt poststudierett for eit semester om gongen, men du kan søke om poststudierett så mange gonger som du vil.

Korleis søke?

For å søke om poststudierett, gå inn på Søknadsweb. Søknadsweb opnar for registrering 1. juni (haustsemesteret) og 1. desember (vårsemesteret). Vel opptaket som heiter "poststudenter", MN-fakultetet og opptakskategori etter om du har fullført ei bachelorgrad eller master-/ph.d.-grad.

Søknadsfristen er:

  • 15. august for haustsemesteret
  • 15. januar for vårsemesteret
    • OBS: dersom du skal ta emne som er med i undervisningsopptaket må du søke før 10. januar for å vere garantert å få svar på søknaden før påmeldingsfristen til emne i undervisningsopptaket går ut.

Søknadsbehandling

1.

Registrer søknaden din på Søknadsweb.

2.

Søknaden din blir behandla fortløpande og du får svar på e-post.

Ver merksam på at me i nokon tilfelle må vente til sensurfristen har gått ut før me kan behandle søknaden (dette gjeld særleg studentar som søker om poststudierett rett etter fullført grad).

3.

Når du har fått tilbod om poststudierett må du takke ja til studietilbodet på Søknadsweb.

4.

Etter at du har takka ja til studietilbodet køyre me jamleg rutiner for å opprette studierettar og du vil få ein e-post når studieretten er oppretta.

I periodar med ferieavvikling vil opptaket bli køyrt sjeldnare.

5.

Betal semesteravgifta og meld deg opp i emne før fristen 1. september/1. februar.

Ver merksam på at emne som er med i undervisningsopptaket har tidlegare frist for undervisningsmelding.

Stipend og lån

Som poststudent kan du søke om lån og stipend frå Lånekassen dersom du oppfyller krava til Lånekassen. Poststudiet er ikkje ei eiga utdanning i lånekassen sitt søknadsskjema og du må derfor velje eit "årsstudium/enkeltemne" som utdanninga du søker om støtte til.