Hjem

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet

PÅ VEG 2017

PÅ VEG: Kva er målet med studiet ditt?

I veke 42 er det igjen klart for informasjonsveka PÅ VEG. Her vil du få mykje nyttig informasjon om karrieremoglegheiter, utveksling og masterprogram.

studentar.png

Studenter, en gutt og en jente, sitter på infomøte
Foto:
Emil W. Breistein

Måndag 16. oktober - Informasjonsmøte

TIDKVAKOR
Kl. 09.15-10.00Informasjonsmøte (gruppe 1)Auditorium 1, Realfagbygget
Kl. 13.15-14.00Informasjonsmøte (gruppe 2)Auditorium 1, Realfagbygget

Tysdag 17.oktober - Tenk karriere!

  • Kl. 11.00–12.00 Samling i klassane
    Du som er ny student skal saman med resten av klassen din jobbe aktivt med din eigen studie- og karriereplan. Det er viktig at du er bevisst på dine eigne mål med studiet – det vil hjelpe deg til å halde motivasjonen opp gjennom heile studiet.
     
  • Kl. 11.45-14.00 Infotorg
    Infotorg i U. etg. og 1. etg. i Realfagbygget. Her vil du møte institutt og avdelingar på UiB, bransje- og interesseforeningar, og fagutval. Bruk høvet til å stille spørsmål og få vite meir om dine moglegheiter til å engasjere deg under studiet eller få deg relevant deltidsjobb!
     
  • Kl. 12.00 Utdeling av Undervisningsprisen
    I vrimelearealet i 1. etg. Her blir det også servering av bollar og jus.
     
  • Kl. 12.30–14.30  ”Min veg”-føredrag i Realfagbygget
    I dette tidsrommet vert det 4 parallelle sesjonar med ulike føredrag, i Aud. 1-4 i Realfagbygget. ”Min veg”-føredraga er tidlegare studentar som fortel om si studietid og nåverande jobb. Det vil vere eit føredrag for meste kvart bachelorprogram - bruk sjansen til å høyre om andre sine erfaringar og tips for eit godt studieliv!
Kl.Auditorium 1Auditorium 2Auditorium 3Auditorium 4
12.30BiologiFysikk/Medisinsk teknologiPetroleum- og prosessteknologiKjemi
13.00MolekylærbiologiMatematikk/Matematikk for industri og teknologiKlima, atmosfære- og havfysikkHavbruk og sjømat/Fiskehelse
13.30Geovitenskap Statistikk/AktuarfagHavteknologi
14.00InformatikkNanoteknologiLærerutdanningaEnergi
  • Kl. 14.30 Fordelar med ein mastergrad
    Fakta og statistikk om arbeidsmarknaden for realister
    Sammen
     
  • Kl. 14.45 Frå bachelorstudent til masterstudent
    Alt du trenger å vite om søknadsprosessen til masterprogram
    Ingrid Solhøy og Hege Ommedal, MN-fakultetet og Kjemisk institutt/Nanovitenskap

Onsdag 18. oktober - Reis ut!

Du trenger ikkje å ta heile utdanninga di på UiB! Vi har tilrettelagt for delstudier på UNIS og på samarbeidsuniversitet rundt om i verden. Studentar som har gjort disse vala kjem for å dele sine opplevingar.

  • Kl. 12.15 - 13.00, Auditorium 2: Delstudier i utlandet

I tillegg til informasjon om alt det praktiske rundt å reise på utveksling vil du få høyre erfaringar frå studentar. Du vil og få faglege argumentar for å reise på utveksling frå professor Leiv K. Sydnes. 

  • Kl. 13.15 - 14.00, Auditorium 2: Studieopphold på Svalbard

Torsdag 19. oktober - Få gode studievanar!

Kurs i studieteknikk. Rådgjevarar frå Sammen gir deg tips til korleis du kan strukturere kvardagen din og førebygge eksamensstress. 

Kurset blir køyrt to gonger:

TidRom
Kl. 12.15-13.00Auditorium 2
Kl. 13.15-14.00Auditorium 2

Kurset var svært populært i fjor!

Mastermøter

Alle studentar er velkomne på informasjonsmøtet til dei ulike institutta - uavhengig av kva studieprogram du går på og kva semester du er på! Studentar frå andre fakultet og utdanningsinstitusjonar som er interesserte i å ta ei mastergrad ved MN-fakultetet er også velkommne!

Blir oppdatert etterkvart som tidspunkta kjem på plass.

Posterutstilling masterprogram

I perioden 16. til 27. oktober vil det stå ei posterutstilling med ein oversikt over alle masterprogramma ved fakultetet i vrimlearealet i 1. etg., Realfagbygget.

Undervisningsprisen 2016/17

Undervisningsprisen er oppretta etter ønske frå fakultetet og studentane  om å premiere gode undervisarar som evnar å inspirere til fagleg engasjement blant studentane, anten som enkeltundervisar eller som ei undervisningsgruppe samansett av fleire undervisarar.

Det er fagutvala ved dei ulike institutta som sender inn nominasjonar av aktuelle kandidatar.  Ein komité samansett av representantar frå Realistutvalet og fagutvala i tillegg til dekanen kårar ein vinnar. Prisen blir delt ut i samband med opninga av PÅ VEG-arrangementet tysdag 17. oktober kl. 12.00.

Meir informasjon om dei nominerte til prisen kjem.