Hjem

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet

Endelig godkjenning

Etter avslutta delstudium i utlandet bør du snarast mulig søke fakultetet om en endelig godkjenning og innpassing av studiane frå utlandet i graden din ved fakultetet.

 

Når du har avslutta utanlandsstudia og tatt eksamen, må du sørgje for å få karakterutskrift eller eksamensvitnemål.

Sjekk med studiestaden korleis du skal gå fram for å få dette. Om du kan få det mens du er der, vil det ofte være ein fordel, då nokon studiestader ikkje alltid har rutinane på plass når det gjeld å ettersende vitnemål til utlandet.

Karakterutskrifta skal vise kor mange studiepoeng kvart emne gir, tittelen på emna og karakteren du fekk.

Du må fylle ut skjemaet "søknad om innpassing" og laste opp nødvendig dokumentasjon (sjå side 1 i skjemaet). Karakterutskrifta (i original) må så sendas/leverast til fakultetet.

Om du har tatt eksamen i andre kurs enn dei du fekk godkjent på førehand, eller om du ikkje søkte førehandsgodkjenning, må du i tillegg leggje ved emnekildring og informasjon som viser at studia til saman svarer til eit semesters eller års fulltidsstudium i Noreg.

Fakultetet gir så den endelige godkjenninga. Du vil få tilsendt godkjenningsbrev saman med den originale karakterutskrifta når saka er handsama.

Karakterar frå det utanlandske universitetet:

Universitetet i Bergen omset ikkje sjølve karakteren frå det utanlandske universitetet, men gir deg resultatet innpassa for dei emna du får godkjent i graden. Karakteren vil stå på den originale karakterutskrifta frå vertsuniversitetet.