Hjem

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet

Intern hospitant

Mellombels studierett ved MN-fakultetet

Emna på MN-fakultetet er i utgangspunktet berre opne for studentar på fakultetet, men studentar på andre fakultetet ved UiB kan søke om mellombels studierett og ta emne på MN-fakultetet. I tillegg kan nokre studentar på HVL, lærarar i skulen og tilsette ved UiB søke om å få ta emne på MN-fakultetet.

Studentar med ein aktiv studierett på andre fakultet ved Universitetet i Bergen kan søke om mellombels studierett for å ta emne ved MN-fakultetet. For å få innvilga søknaden må du oppfylle kravet om realfag. Du søker ved å fylle ut det digitale søknadsskjemaet i linken til høyre.

Søknadsfristar
Haust: 25. august (15. august for emne som er med i undervisningsopptaket)
Vår: 25. januar (10. januar for emne som er med i undervisningsopptaket)

Enkelt emne ved MN-fakultetet har avgrensa med plasser på grunn av lab, felt eller tokt og er derfor med i undervisningsopptaket. For å få plass på eit eller fleire av desse emna må du melde deg opp til undervisning i emnet på studentweb innan fristen (meir informasjon i lenka ovanfor).

Andre mellombels studierettar ved MN-fakultetet:

HVL-student og mellombels studierett ved MN-fakultetet

UiB har innan enkelte fagområder eit tett samarbeid med HVL. Som HVL-student er du derfor velkommen til å ta enkelte emne ved MN-fakultetet, men det er viktig at du som student søkjar innan desse søknadsfristane:

  • KJEMI: studentar på ingeniørstudiet i kjemi som vil ta emna KJEM120 eller KJEM123 må gi beskjed til fagkoordinator på HVL innan 10. juni/1. januar
  • FYSIKK: emna PHYS109, PHYS114, PHYS118 og PHYS119 er opne for studentar på HVL (mest aktuelt for studentar på ingeniørstudiet i elkraftteknikk eller automatiseringsteknikk). For opptak til desse emna må du sende e-post til studieveileder@ift.uib.no innan 20. august/20. januar
  • INFORMATIKK: emna INF225 og INF226 er opne for studentar på HVL (mest aktuelt for studentar på ingeniørstudiet i data). For opptak til desse emna må du sende e-post til studieveileder@ii.uib.no innan 20. august/20. januar

Lærarstudierett

Lærarar som er tilsett i grunnskule eller vidaregåande skule kan søke om å ta enkeltemne ved fakultetet, med etterhald om ledig plass på emnet og at du oppfyller eventuelle forkunnskapskrav til emna. Søknaden må signerast av arbeidsleiar.

Søknadsfrist:

  • 1. august for haustsemesteret
  • 1. januar for vårsemesteret

Søknadsskjema: Studierett for lærarar

Eksterne studentar

Det er ikkje mogleg for eksterne studentar frå andre utdanningsinstituasjonar å søke om mellombels studierett ved MN-fakultetet. Det er eventuelt mogleg å ta enkeltemne som privatist.