Hjem
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet

Tilrådde emnekombinasjonar for undervising i realfag i skulen

Nedanfor finn du ein oversikt over kva krav som stilles med tanke på undervisning og tilsetjing i skuleverket, samt kva emne fakultetet tilrår for å dekke desse krava.

Hovedinnhold

Utdanningskrav for faglærar, adjunkt og lektor i grunnskule og vidaregåande skule

Forskriftene frå Kunnskapsdepartementet (KD) med verknad frå 23. juni 2006 nr. 724 gjev følgjande rammer for lærarutdanninga ved universitetet:
Det faglege minstekravet for å kunne undervise eit fag i vidaregåande skule er 1 års utdanning i faget (60 studiepoeng).
Det faglege minstekravet for å kunne undervise eit fag i grunnskulen er normalt 1/2 års utdanning i faget (30 studiepoeng). I matematikk, norsk og engelsk er kravet på ungdomssteget 1 års utdanning i faget (60 studiepoeng).
Tilsetjande myndigheit for lærarar i grunnskulen er kommunane, og for lærarar i den vidaregåande skulen, fylka. I praksis er det ofte den einskilde skule som føretek kompetansevurderinga av søknader til lærarstillingar.

Tilrådde emnekombinasjonar for undervising i realfag:

Viss du planlegg å ta PPU bør du følgje tilrådingane for vidaregåande skule nedanfor. Da vil du være sikker på å være faglig kvalifisert for opptak. Men det kan og være andre emnesamansetjingar som vil dekke dei faglege minstekrava. Ta ev. kontakt med studierettleiar på ditt fag.


Vidaregåande skule:

Kjemi:
Obligatorisk del: KJEM110, KJEM120 og KJEM130
Minst to av emna: KJEM122/KJEM123, KJEM131, KJEM250
Opptil eitt av emna: KJEM140, KJEM210, KJEM202, MOL100

Fysikk:
PHYS111, PHYS112, PHYS113, PHYS114 og minst to av emna PHYS109, PHYS118 og PHYS119, eller

For kandidater med mastergrad i meteorologi og oseanografi er følgjande emnesamansetning tilrådd:

Matematikk:
MAT111, MAT112, MAT121, STAT101/STAT110 og to av emna MAT131, MAT160, MAT220, MAT221, STAT111.

Biologi:
BIO100, BIO101 og BIO102, og minst tre av emna BIO103, BIO104, BIO201, MOL100, MOL200, MOL201 og MOL203. 

Naturfag:
90 studiepoeng totalt i naturvitskaplege emne som bl.a. inneheld

Geofag:
Bachelorgrad i enten Klima, atmosfære og havfysikk, eller i Geovitenskap, med emner i fra den respektive fagdisiplinen. Tilrådde emne kan være GEOV101, GEOV102, GEOV104, GEOV103, GEOV105, GEOV107, GEOV109, GEOV110, GEOV111, GEOV112 og GEOF100, GEOF105, GEOF110, GEOF232. Vi tilrår GEOV102 og GEOF100 eller tilsvarande for betre undervisningskompetanse i geologiske feltmetodikk, bergarter, mineralogi og meteorologi og klima. Emnekombinasjonen bør innehalde erfaring frå praktisk geofagleg arbeid (tokt, felt, laboratorieøvingar, regneøvingar, programmering og liknande).

                                                                         (Vedtatt av Studiestyret 29.10.18.)

For IT/informatikk, se SV-fakultetets nettsider.
 

Grunnskulen:

Naturfag:

Matematikk:
MAT101/MAT111, MAT121, STAT101/STAT110 + 30 SP MAT- eller STAT-emne eller tilsvarande (herunder MNF130).
 

NB! For å komme inn på ettårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) er det krav om undervisningsfag for den vidaregåande skulen, sjølv om søkjaren har planar om å bli lærar i ungdomsskulen.


Tilsetjing som lærar

Adjunkt:
Med bachelor/cand.mag.-grad og godkjend praktisk-pedagogisk utdanning eller fireårig integrert adjunktutdanning, vert du løna som adjunkt.

Lektor:
Med ei femårig integrert lektorutdanning vert du løna som lektor.

Lektor med tilleggsutdanning:
Med master/cand.scient.-grad og godkjend praktisk-pedagogisk utdanning (til saman 6 år) vert du løna som lektor med tilleggsutdanning.


Dei nemnde lærarkategoriane kan tilsetjast i dei ulike skuleslaga slik:

Ungssomsskulen:
For tilsetjing i undervisningsstilling på 8. - 10. klassetrinn i grunnskulen:
Universitets- og/eller høgskoleutdanning som samla utgjer minst 240 studiepoeng, inklusive pedagogisk utdanning etter § 14-1, for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 30 studiepoeng relevant utdanning. Ved tilsetjing for undervisning i faga norsk, matematikk eller engelsk må vedkommande likevel ha minst 60 studiepoeng relevant utdanning for faget .

Den vidaregåande skolen:
For tilsetjing i undervisningsstilling i allmenne fag i den vidaregåande skulen:
Universitets- og/eller høgskoleutdanning som samla utgjer minst 240 studiepoeng, inklusive pedagogisk utdanning etter § 14-1, for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 60 studiepoeng relevant utdanning

(Forskrift til opplæringslova §14.2 og 3)