Hjem
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
Klage og begrunnelse på eksamen

Klage og begrunnelse på eksamen ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet

Om du får eit resultat på ein skriftleg eksamen som du meiner ikkje er riktig, har du rett på grunngjeving av resultatet og rett til å klage på vurderinga. Du har og rett til å klage om du meiner det er gjort formelle feil under eksamensavviklinga.

Hovedinnhold

Grunngjeving på karakteren

Vi tilrår at du ber om ei grunngjeving for karakterfastsettinga av dine prestasjonar før du klagar på ein karakter. 

Du kan be om grunngjeving på karakteren etter ein eksamen. Ved skriftlege eksamenar er fristen for å be om grunngjeving ei (1) veke frå karakteren er kunngjort. Det er sensor gir grunngjevinga og skal gjere greie for dei generelle prinsippa som er lagt til grunn for vurderinga. Grunngjevinga vert gitt munnleg eller skriftleg. Handsaminga av grunngjevinga for karakterfastsetjinga kan ta opp til 2 veker.

Du ber om grunngjeving i Studentweb. Når grunngjevinga er klar kan du lese den i Studentweb og i Inspera på vurdering.uib.no. .

Ved munnleg eksamen må må du be om grunngjeving umiddelbart etter at karakteren er gitt.

 

Klage på karakterfastsetjing

Klagefrist

Dersom du ynskjer å klage på karakteren for dine presentasjoner på ein eksamen er fristen tre (3) veker etter at eksamensresultatet er kunngjort Jf. Universitets- og høyskolelova § 5-3. Om du har bedt om grunngjeving på karakter, er klagefristen tre (3) veker etter at du har fått grunngjevinga.
Dette gjeld også i perioden der det normalt foregår ferieavvikling (jul, påske og sommar). 

Korleis klage

Du klager på eksamensresultatet i Studentweb. I menyen "Mer" finner du "Begrunnelse og klage". Her kan du be om grunngjeving og/eller klage. Dersom det ikke er mogleg å klage via Studentweb, finn du informasjon om dette i Studentweb. I tillegg finn du ei lenke til ein nettstad du kan klage frå. Du klagar då ved hjelp av skjemaet du finn til høgre på denne nettstaden (eller på UiB sin sentrale nettstad "Begrunnelse og klage å karakter"). 

Om ny sensurering

Når du klagar på karakteren vert eksamenssvaret ditt vurdert på nytt av ein ny kommisjon med minst to sensorar. Minst éin av desse er ekstern. Den nye kommisjonen gjer ei uavhengig vurdering av eksamenssvaret ditt og får ikkje informasjon om den opphavlege karakteren, grunngjevinga frå den første kommisjonen, eller grunngjevinga di for å klage. 

Ved ny sensur kan endringar gjerast til gunst eller ugunst for klagar (jf. Universitets- og høgskulelova §3-9). Dette vil sei at det nye resultatet (sensuren) kan vere betre eller dårlegare etter klaga. Du kan også få same resultat etter klaga som den du fekk opphaveleg. Det vil sei at du til dømes kan gå frå ein bestått karakter til stryk dersom du klagar, eller frå stryk til bestått resultat. 

Dersom klagesensuren har eit avvik på to karakterar eller meir, vert det gjort ei ytterlegare vurdering før det vert gjort ei endeleg fastsetjing av karakter. 

Merk at det ikkje er mogleg å klage på karakter ved munnleg eksamen.

 

Publisering av klageresultat

Resultatet av klagehandsaminga vert kunngjort på Studentweb. Du får også ein e-post som vert sendt til student e-postaadressa di om at resultatet er tilgjengeleg i Studentweb – resultatet av klaga visast ikkje i e-posten. Legg merke til at resultatet av klaga er endeleg og kan ikkje klagast på. Du kan derimot be om grunngjeving for karkateren din. Fristen for å be om grunngjeving er ei (1) veke etter at klagesensuren vart kjent for deg. Dersom du ikkje fekk bestått resultat etter klaga di, må du ta ordinær eksamen på nytt. Legg også merke til tregangersregelen ved UiB. 

 

Sakshansaming og tid

Klager på karakterfastsetjing er ei tidkrevjande prosess og det skal setjast ned ein fagleg klagekommisjon for kvar eksamen som får klage.

Normalt handsamar vi alle klager på karakterfastsetjing samla. Det betyr at vi venter til alle klagane i eit emne har kome inn. Fristen for dette er tre veker etter sensur, eller tre veker etter at grunngjeving er mottatt.

 

Dette gjer at du normalt må rekne med 8-12 veker før du får vite resultatet.

Legg likevel merke til at saksvolum og nye fastsette reglar for klagehandsaming har innverknad på sakshandsamingstida. I tillegg må vi ta omsyn til ferieavvikling (jul, påske, sommar) hjå sensorane. 
Frå 1.7.2018 vart det også gitt nye reglar for kvalitetssikring av klagehandsaming i UHL lova (§5-3 (6), om ein ekstra kontroll ved større karakteravvik, noko som kan medføre at klagehandsaminga kan ta lenger tid ved slike tilfelle. 

Du kan difor ikkje rekne med at klaga på karakterfastsetjing er handsama i tide til den ordinære eksamen som er tidleg komande semster. 

 

Klage på formelle feil

Dersom du meiner det har blitt gjort formelle feil i samband med ein eksamen, har du rett til å klage på det,  jf. Universitets- og høyskolelova § 5.2. Formelle feil på eksamen kan til dømes vere feil i eksamensoppgåvene, forholda i eksamenslokalet eller problem i samband med vurderingsmelding. Du kan klage på formelle feil i alle eksamensformer.

Korleis går eg fram for å klage?

Du sender ein e-post til post@mnfa.uib.no der du grunngjev klaga.
I den må det kome fram kva som er bakgrunnen for klagen og kva du meiner har skjedd, og korleis du ønsker at det kan rettast opp. Om du har klaga på formell feil, vert fristen rekna etter at du er, eller burde vere, kjent med dei forholda som ligg til grunn for klaga. Klagefrist er tre (3) veker etter eksamensdato.

Sjå tips for korleis skrive ein god klage

Trekk av klage

Har du klaga på karakterfastsetjing eller formelle feil innan fristen, kan du trekke klaga så lenge det ikkje er fatta eit vedtak i saka. Grunnar til å trekke ei klage kan til dømes vere at du klaga på karakteren før du fekk grunngjeving og du er eining i karakteren etter å ha fått grunngjevinga frå sensor. Det kan også være at forholdet du klagar på ikkje har innverknad på presentasjonen din eller er tatt høgde for når du les sensorrettleiinga.

Ynskjer du å trekke klagen din sender du ein e-post til post@mnfa.uib.no, der du ber om at saka vert avslutta og at du ikkje ynskjer å opprethalde klagen. 

Fristar

  • Du kan trekke klaga på karakterfastsetjing så lenge klagekommisjonen ikkje har sett ny karakter (vedtak). Kontakt eksamensadministrasjonen på instituttet som administrerer emnet for å få vite kor langt sensorane har kome i klageprosessen.
  • Du kan trekke klaga på formelle feil så lenge det ikkje er fatta vedtak i saka, enten ved at fakultetet har fatta vedtak sjølv, eller at saka vert handsama av klagenemnda. Dersom saka er sendt vidare til nemnda (du får kopi av oversendingsbrevet) må du kontakte sekretariatet for klagenemda for å trekke klagen din. Dette må skje innan utløpet av arbeidsdagen før nemnda skal ha møte og handsame saka. Før saka er sendt til nemnda, kan du ta kontakt med studie.matnat@uib.no for å høre status i sakshandsaminga.