Hjem
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
Intern overgang mellom bachelorprogram ved MN-fakultetet

Bytte av studieprogram ved MN-fakultetet

På MN-fakultetet kan du bytte studieprogram (bachelorprogram) ved å søkje om intern overgang innan 1. november eller 1. juni.

Hovedinnhold

Kvifor bytte studieprogram?

Ikkje alle havnar på rett studieprogram når dei begynner å studere. Heldigvis er det fullt mogleg å søkje overgang til eit anna studieprogram her hjå oss om du finn ut at du vil bytte. 

Går du på eit årsstudium og ønskjer å fortsette studia på eit av studieprogramma våre? Emnene du har tatt så langt kan oftast brukast i graden.
Eller kunne du tenke deg å gå på eit anna studieprogram enn det du studerar på no?

Merk at du kan få eit lengre studieløp enn først planlagt om emna du har oppnådd til no ikkje passar i den nye graden.

Korleis søke om bytte av studieprogram?

Du søker om intern overgang til eit anna studieprogram på Søknadsweb. Søknadsweb opnar for registrering 1. mai (haustsemesteret) og 1. oktober (vårsemesteret).  
Sjå lenger ned på sida for ei oversikt over kva studieprogram du kan bytte til.

Søknadsfrist:

  • 1. juni (for overgang til eit nytt program til haustsemesteret)
  • 1. november (for overgang til eit nytt program til vårsemesteret)

Du vil få svar på søknaden innan 15. juli for opptak til haustsemesteret og 15. desember for opptaket til vårsemesteret.
Du må takke ja til tilbodet innan fristen som er oppgitt i svaret ditt.

Ved opptak til eit nytt studieprogram vil studieretten på programmet du søkjar deg vekk frå bli avslutta.

Kven kan søke intern overgang

Programstudentar (bachelorprogram, lågare grad på integrert masterprogram) og årsstudiestudentar frå MatNat og dei andre fakulteta ved UiB kan søke om intern overgang. 

Ved overgang til opne program er det følgande retningslinjer:

  • Du har generell studiekompetanse og dekkar realfagskravet til studiet du søker på
  • Du er årsstudent eller programstudent ved UiB
  • Du har fullført ikke meir enn 150 studiepoeng på ditt studieprogram
  • Du har studert i ikke meir enn fem semester sidan du sist fekk opptak i Samordna opptak
  • Du er ikkje meir enn 50 % forsinka i studiet ditt

Overgang til integrerte masterprogram med individuell vurdering

Om du vil søke om intern overgang til eit integrert masterprogram gjeld retningslinjene som for opne program, men med tilleggskrav. Sjå lista lenger nede på sida for ei oversikt.
Her vil vi alltid gjere ei individuell vurdering av søknadar ut frå relevante beståtte emner, karakterar i emnene, eventuelt karakterar frå VGS på grunn av den faglege strukturen i programma. 

Kven kan søke ikkje intern overgang

Om du er masterstudent, enkeltemnestudent, poststudent eller har ein begrensa studierett kan du ikkje søke om intern overgang.

I tillegg kan vi ikkje innvilge intern overgang hvis:

  • Du fekk opptak med bakgrunn i realkompetanse (dette må vurderast av UiB sentralt)
  • Du ikkje har generell studiekompetanse eller dekkjer ikkje realfagskravet
  • Du har mindre enn 50 % progresjon i studiet ditt
  • Du har fullført meir enn 150 studiepoeng på ditt noverande studieprogram
  • Du har studert i seks eller fleire semester sidan du fekk opptak i Samordna opptak

I desse tilfella vil vi anbefale deg å søke om opptak til studiet gjennom Samordna opptak.

 

Kva program kan du søkje om intern overgang til?

Du kan søkje om intern overgang til følgande studieprogram til våren 2023:

  • Bachelorprogram i matematikk
  • Bachelorprogram i matematikk for industri og teknologi
  • Bachelorprogram i statistikk og data science
  • Bachelorprogram i fysikk
  • Bachelorprogram i bioinformatikk
  • Bachelorprogram i datateknologi
  • Bachelorprogram i datatryggleik
  • Bachelorprogram i data science (datavitskap)
  • Bachelorprogram i informatikk-matematikk-økonomi
  • Bachelorprogram i geovitenskap, retning geologi
  • Bachelorprogram i geovitenskap, retning geofysikk
  • Bachelorprogram i kjemi
  • Bachelorprogram i nanoteknologi
  • Bachelorprogram i klima, atmosfære- og havfysikk

Vi må gjere ei individuell vurdering ut frå relevante beståtte emner, karakterar i emnene og/eller karakterar frå VGS om det er fleire søkjarar enn plassar til eit ope studieprogram.

 

Studieprogram med individuell vurdering til:

  • Integrert masterprogram i aktuarfag

Om du vil søke om intern overgang til eit integrert masterprogram er det individuell vurdering av søknadar ut frå relevante beståtte emner, karakterar i emnene og/eller karakterar frå VGS.

 

Studieprogram som er stengt for intern overgang til:

  • Årsstudium i naturvitskaplege fag
  • Årsstudium i informatikk
  • Bachelorprogram i biologi
  • Bachelorprogram i molekylærbiologi
  • Integrert masterprogram i havteknologi
  • Integrert masterprogram i data science
  • Integrert masterprogram i medisinsk teknologi
  • Integrert masterprogram i energi
  • Integrert masterprogram i havbruk og sjømat
  • Integrert masterprogram i fiskehelse
  • Lektorutdanning i naturvitskap og matematikk

Ikkje kvalifisert?

Om du ikkje er kvalifisert for å søke intern overgang, men ønsker å studere ved eitt av studieprogramma, må du søke om opptak på ordinær måte gjennom Samordna opptak. Det er opptak ein gong i året med oppstart på hausten.