Hjem
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
Anvendt matematikk

Matematikken i havet

Nils Olav Handegard har studert matematikk og jobber nå på Havforskningsinstituttet

Hovedinnhold

Den viktigaste oppgåva som forskar er å fundera på korleis ting heng saman, og eit solid teoretisk fundament er heilt avgjerande.

Eg arbeider som forskar på Havforskingsinstituttet, og eg har observasjonar av fiskeåtferd ved hjelp av akustikk som spesialfelt. Som forskar får ein følgja heile prosessen frå ide til prosjektavslutting. Vi skriv prosjektsøknader, og vi utfører eksperiment, gjerne med eit av forskingsfartøya våre. Mykje tid går med til prosessering og analyse av data, i tillegg til ein del teoretisk arbeid, før resultata vert presentert, gjerne på internasjonale møter og konferansar.

Men den viktigaste oppgåva som forskar er å fundera på korleis ting heng saman, og eit solid teoretisk fundament er heilt avgjerande. Det er vanskelegare å tileigna seg etter studiane enn meir anvendte fag, og universitetet spelar ei viktig rolle for setja oss i stand til å møta utfordringane som forskarar

Flere intervju

Intervju med andre matematikere