Hjem

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet

Masterveka 2017

Masterveka ved MN-fakultetet

Kva er eit masterstudium? Kva masterprogram kan du velje mellom? Korleis søker du på master og kva er opptakskrava? Korleis er det å vere masterstudent? Få svar på alt du lurer på om master!

student_marineholmen_sol.jpg

Student i solen på Marineholmen
Foto:
Eivind Senneseth

Masterveka 2017 byr på spennande informasjonsmøter og posterutstilling om potensielle masterprogram for deg som vurderer å ta ei mastergrad ved MN-fakultetet.

Alle studentar er velkomne på informasjonsmøtene til dei ulike institutta - uavhengig av kva grad du tek og kva semester du er på! Studentar frå andre fakultet og utdanningsinstitusjonar som er interesserte i å ta ei mastergrad ved MN-fakultetet er også velkommne!

Tysdag 17. oktober - Bli inspirert!

  • Kl. 10.00-15.00: Karrieredag i Grieghallen
    Karrieredagen er Vestlandets største karrieredag der over 80 bedrifter frå ulike delar av næringslivet står på stand, så her er gode moglegheitar for å skape kontakt med bedriftsrepresentantar. Her er det moglegheitar for både sommarjobbar, traineestillingar, oppgåveskriving og faste stillingar etter ferdig utdanning.

Masterveka opnar med eit felles informasjonsmøte om fordeler med ei mastergrad og overgangen frå bachelorstudent til masterstudent.
Møtet er opent for alle interesserte studentar!

  • Kl. 14.30 i Auditorium 2, Realfagbygget: Fordeler med ei mastergrad
    Fakta og statistikk om arbeidsmarknaden for realister
    Sammen
     
  • Kl. 14.45 i Auditorium 2, Realfagbygget: Frå bachelorstudent til masterstudent
    Alt du treng å vite om overgangen frå bachelor til master
    Ingrid Solhøy og Hege Ommedal, MN-fakultetet og Kjemisk institutt/Nanovitenskap

Få gjerne med deg "Min veg"-føredraga tidlegare på dagen!

 

Onsdag 18. oktober - Studententrepenørskap

  • Kl. 12.15-13.00 i Auditorium 3, Realfagbygget: Studententreprenørskap - Finansier din eigen arbeidsplass
    Bergen teknologioverføring (BTO) kjem og snakkar om korleis du kan finansiere den desidert mest spennande arbeidsplassen du kan førebu deg til under studietida - nemleg den du kan skape sjølv! BTO kjem til snakka om korleis du som student kan eksperimentere for å finne spennande forretningsmoglegheiter og korleis du kan sikre finansieringskjelde gjennom STUD-ENT (student-entreprenørskap). Les meir om føredraget her.

Posterutstilling - Få oversikt over alle masterprogramma ved MN-fakultetet!

I perioden 17. til 27. oktober vil det stå ei posterutstilling med ein oversikt over alle masterprogramma ved fakultetet i vrimlearealet i 1. etg., Realfagbygget.

Mastermøter - Få meir informasjon om kvart enkelt masterprogram!

Alle studentar er velkomne på informasjonsmøtet til dei ulike institutta - uavhengig av kva studieprogram du går på og kva semester du er på! Studentar frå andre fakultet og utdanningsinstitusjonar som er interesserte i å ta ei mastergrad ved MN-fakultetet er også velkommne!

STUDIEPROGRAM

DATO

TIDSTAD

Felles masterprogram i programutvikling

26. oktoberKl. 14.15Stort Auditorium, Datablokken, HiB

Master i anvendt og utrekningsorientert matematikk

23. oktoberKl. 12.15Auditorium 4, RFB

Masterprogram i biologi

27. oktoberKl. 13:00K1-K2, Biologen

Masterprogram i energi

3. novemberKl. 12.15Auditorium 105, GFI

Masterprogram i fysikk

26. oktoberkl. 12:00Bahcelorrommet, IFT

Masterprogram i geovitskap

20. oktoberKl. 12:00Auditorium 5, RFB

Masterprogram i informatikk

26. oktoberKl. 14.15Stort auditorium, Datablokken, HiB

Masterprogram i kjemi

19. oktoberKl. 16.15Integrerbar, RFB

Masterprogram i matematikk

23. oktoberKl. 12.15Auditorium 4, RFB

Masterprogram i meteorologi og oseanografi

27. oktoberKl. 12.15Auditorium 105, GFI

Masterprogram i molekylærbiologi

18. oktoberKl. 10.15N-terminalen, 5. etg., HiB (Rom 520B1)

Masterprogram i nanovitskap

26. oktoberKl. 16.15Auditorium 5, RFB

Masterprogram i petroleumsteknologi

23. oktoberKl. 14:00Bachelorrommet, IFT

Masterprogram i prosessteknologi

23. oktoberKl. 14:00Bachelorrommet, IFT

Masterprogram i statistikk

23. oktoberKl. 12.15Auditorium 4, RFB

Informasjonmøte om praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)

17. oktoberKl. 14.00Auditorium 3, RFB