Gå til innhold
English A A A

Tilrådde emnekombinasjonar for undervising i realfag i skulen


Nedanfor finn du ein oversikt over kva krav som stilles med tanke på undervisning og tilsetjing i skuleverket, samt kva emne fakultetet tilrår for å dekke desse krava.

 

Utdanningskrav for faglærar, adjunkt og lektor i grunnskule og vidaregåande skule
Forskriftene frå Kunnskapsdepartementet (KD) med verknad frå 23. juni 2006 nr. 724 gjev følgjande rammer for lærarutdanninga ved universitetet:
Det faglege minstekravet for å kunne undervise eit fag i vidaregåande skule er 1 års utdanning i faget (60 studiepoeng).
Det faglege minstekravet for å kunne undervise eit fag i grunnskulen er normalt 1/2 års utdanning i faget (30 studiepoeng). I matematikk, norsk og engelsk er kravet på ungdomssteget 1 års utdanning i faget (60 studiepoeng).
Tilsetjande myndigheit for lærarar i grunnskulen er kommunane, og for lærarar i den vidaregåande skulen, fylka. I praksis er det ofte den einskilde skule som føretek kompetansevurderinga av søknader til lærarstillingar.

 

Tilrådde emnekombinasjonar for undervising i realfag:
Viss du planlegg å ta PPU bør du følgje tilrådingane for vidaregåande skule nedanfor. Da vil du være sikker på å være faglig kvalifisert for opptak. Men det kan og være andre emnesamansetjingar som er relevante som opptaksgrunnlag. Det er dei einskilde fagmiljøa som vurderer dette. Ta ev. kontakt med studierettleiar på ditt fag. Se ev. også opptaksreglement for PPU.

Vidaregåande skule:

Kjemi:
Obligatorisk del: KJEM110, KJEM120 og KJEM130
Minst eitt av emna: KJEM122 og KJEM131
Opptil to av emna: KJEM210, KJEM250, KJEM202, MOL100, MOL200

Fysikk:
PHYS110, PHYS111, PHYS112, PHYS113, PHYS114 og PHYS115
eller
PHYS101, PHYS102, PHYS110, PHYS114, PHYS115 og eitt av emna PHYS117, PHYS211 eller PHYS231.

eller

For kandidater med mastergrad i geofysikk (meteorologi eller oseanografi) er følgjande emnesamansetning tilrådd:
PHYS110, PHYS111, PHYS112 og minst 30 sp blant emna PHYS113, PHYS114, GEOF110, GEOF120, GEOF130, GEOF220, GEOG310, GEOF326 og GEOF330.

Matematikk:
MAT111, MAT112, MAT121, STAT110/STAT101 + 20 sp MAT- eller STAT-emne eller tilsvarande (herunder MNF130).


Biologi (nye emne):

  • Obligatorisk del (10 sp): BIO100
  • Minst 4 av emna (40 sp): BIO101,BIO102, BIO103, BIO104 og MOL100
  • Valgfrie emne (10 sp): et emne innen fagområdet biologi eller molekylærbiologi (BIO, MIK, MAR, MOL). Kan være emne på 100-, 200- og 300-talsnivå.

(gamle emne: BIO110, BIO111, BIO112, BIO114, MOL100, BIO113/MOL203)


Naturfag:

90 sp i fysikk, biologi og kjemi som må innehalde:

 

Geofag:
60 sp innen GEOF og GEOV. Det er tilrådd at kandidaten har ei samansetjing med emne frå begge dei to fagfelta.


IKT (informatikk)
INF100, INF101, INF102, MNF130, INF142 og TOD077/DAT103

Alternativt: INF100, INF101, MNF130, INFO112, INFO122 og INF102/142



Ungdomsskulen:

Naturfag:

Matematikk:
MAT101/MAT111, MAT121, STAT101/STAT110 + 30 sp MAT- eller STAT-emne eller tilsvarande (herunder MNF130).

NB! For å komme inn på ettårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) krevjast det to undervisningsfag for den vidaregåande skulen sjølv om søkaren har planer om å bli lærar i ungdomsskulen.


Tilsetjing som lærar

Adjunkt:
Med bachelor/cand.mag.-grad og godkjend praktisk-pedagogisk utdanning eller fireårig integrert adjunktutdanning, vert du adjunkt.

Lektor:
Med ei femårig integrert lektorutdanning vert du lektor.

Lektor med tilleggsutdanning:
Med master/cand.scient.-grad og godkjend praktisk-pedagogisk utdanning (til saman 6 år) vert du lektor med tilleggsutdanning.


Dei nemnde lærarkategoriane kan tilsetjast i dei ulike skuleslaga slik:

Grunnskolen:
For tilsetjing i undervisningsstilling på 5. - 7. klassetrinn i grunnskulen:
Universitets- og/eller høgskoleutdanning som samla utgjer minst 240 studiepoeng inklusive pedagogisk utdanning etter § 14-1, for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 30 studiepoeng relevant utdanning.

For tilsetjing i undervisningsstilling på ungdomstrinnet i grunnskulen:
Universitets- og/eller høgskoleutdanning som samla utgjer minst 240 studiepoeng, inklusive pedagogisk utdanning etter § 14-1, for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 30 studiepoeng relevant utdanning. Ved tilsetjing for undervisning i faga norsk, matematikk eller engelsk må vedkommande likevel ha minst 60 studiepoeng relevant utdanning for faget .

Den vidaregåande skolen:
For tilsetjing i undervisningsstilling i allmenne fag i den vidaregåande skulen:
Universitets- og/eller høgskoleutdanning som samla utgjer minst 240 studiepoeng, inklusive pedagogisk utdanning etter § 14-1, for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 60 studiepoeng relevant utdanning

(Forskrift til opplæringslova §14.2 og 3)

Sist endret: 26.6.2013