Kva skal du bli?
Mange av dei utfordringane samfunnet står overfor i dag krev matematisk, naturvitskapleg og teknologisk kompetanse. Dersom du har interesse for desse felta er det mange oppgåver og utfordringar som ventar på deg. Industrien vil ha stort behov for din kunnskap, og særleg olje- og gassindustrien rekrutterer mange kandidatar frå UiB.
Meir enn olje
Den høge levestandarden i Noreg er for ein stor del basert på den ikkje-fornybare ressursen olje. I tillegg til å utnytte denne ressursen best mogleg, er det også viktig å leggje grunnlaget for ei næringsutvikling som kan ta over og bære landet sin økonomi etter at oljeverksemda blir nedbygd. Havbruksnæringa treng for eksempel høgt utdanna kandidatar innanfor marine fag, og næringsmiddelindustrien vil ha bruk for både kjemikarar og biologar.
IT-bransjen vil alltid ha behov for godt skolerte IT-kandidatar. Ved UiB lærer du deg å bruke verktøy som ikkje berre er tilpassa dagens, men også framtida sin teknologi. Skolen treng kompetente lærarar i realfaga, så dersom du har lyst å bli lærar, får du ei solid fagutdanning som gjer deg kvalifisert til å undervise både
i ungdomsskolen og i vidaregåande skole.
Spekteret er stort
Valet er ditt, og moglegheitene er mange. Dersom du går vidare med eit masterstudium er du også kvalifisert for vidare forsking. Andre arbeidsområde som er verd å nemne er helsesektoren, media, vêrvarsling, miljøretta arbeid, forvalting og informasjonsbransjen.
Rollene ein naturvitar kan gå inn i er også mange, slik som avdelingsingeniør, røktar, laborant, lektor, vêrmeldar, journalist, byråkrat, teknikar og rådgivar.
-
-
-
-
-
Stina Storebråten
Har Master i kjemi, studieretning miljøkjemi fra UiB. Jobber for kjemikalieselskapet Clariant.
-
-
-
Fikk tre jobbtilbud før fullført lektorstudie
Anita Tindeland, student ved den integrerte lektorutdanningen for realfag ved Mat-Nat fakultetet, har fått ikke mindre enn tre jobbtilbud fra ulike videregående skoler før hun har levert masteroppgaven sin. Selv mener hun det skyldes en kombinasjon av å være tidlig ute med jobbsøknader og at lektorer med realfagskompetanse er ettertraktet.
-
-
-
-