Heliks - studentorganisasjonen ved MBI
Vil du gjere ein innsats i studiemiljøet ditt og få ei enda betre studietid?
Heliks er studentorganisasjonen ved Molekylærbiologisk institutt der bachelor- og masterstudentar sit i styret. Alle studentar på bachelor- eller masterprogrammet i molekylærbiologi er automatisk medlem av Heliks og har stemmerett på Allmøtet.
Heliks blei grunnlagt i 1998 og er eit bindeledd mellom studentane og instituttet, blant anna gjennom at dei har studentrepresentantar i Programstyret og Instituttrådet. Studentorganisasjonen arrangerer ei rekkje både faglege og sosiale hendingar.
Du kan lese meir om Heliks til høgre på denne sida, du kan besøke deira eiga nettside, og du kan finna dei på Facebook.
Du kan óg kontakte dei på e-post: heliks.post@uib.no
-
Karrieredag for molekylærbiologer 2013
Heliks sin karrieredag for molekylærbiologer gikk av stabelen 19. februar 2013.
-
-
Karrieredag for molekylærbiologar 2012
Studentorganisasjonen Heliks arrangerte karrieredag for molekylærbiologar tysdag 14. februar 2012.
-
Karrieredag for molekylærbiologar 2011
Tysdag 8. mars arrangerte studentorganisasjonen Heliks ved Molekylærbiologisk institutt (MBI) karrieredag for molekylærbiologar.
-
-
Finally Friday
Finally Friday er ei månadleg hending arrangert av Heliks. Det finn stad i Loopen (lunsjrommet i femte etasje på Høgteknologisenteret i Bergen (HIB). Finally Friday er ei uformell samling for alle studentar og tilsette på Molekylærbiologisk institutt.
-
Sosiale arrangementer
Heliks inviterer med jevne mellomrom alle studenter i molekylærbiologi til forskjellige sosiale arrangementer.