Gå til innhold
English A A A

Utveksling ved Molekylærbiologisk institutt


Det er mogleg å reise på utveksling i bachelorgrada i molekylærbiologi.

Delstudium i utlandet

I siste semester av bachelorgrada har ein 30 sp valfrie emne, og dette semesteret kan med fordel bli brukt til internasjonal utveksling. Det finst mange alternativ for deg som ønskjer å ta litt av utdanninga di i eit anna land. 

Når?

6. semester i bachelorgrada, evt. 5. og 6. semester for deg som ønskjer to semester i utlandet. Dette krev individuell tilpassing av studieplanen og du bør gjere dette i samråd med studierettleiar på programmet. Derfor er det lurt å planlegge et utvekslingsopphald i god tid på førehand.

Kvar?

Molekylærbiologisk institutt har Erasmus-avtalar med fleire universitet i ulike europeiske land. Du kan lese meir om Erasmus-utveksling og avtalane her.

Universitetet i Bergen tilbyr ei rekkje generelle bilaterale utvekslingsavtaler. Sjå her for Universitetet i Bergen sine samarbeidsavtalar. Blant desse har Molekylærbiologisk institutt avtale om bilateral utveksling med tre universitet:

  • James Cook University (JCU), Townsville, Australia
  • McGill University, Montreal, Canada
  • University of Cape Town (UCT), Cape Town, Sør-Afrika

Du finn meir informasjon om dei tre avtalane under.

Val av emne

Dei tre universiteta ovanfor tilbyr mange relevante emne for bachelorstudentar i molekylærbiologi. Emne som blir tatt under utvekslingsopphaldet vil normalt gå inn i dei 60 valfrie studiepoenga i bachelorgrada. Eventuelt overlapp eller fritak vil bli vurdert under førehandsgodkjenninga. Det er svært viktig at du får førehandsgodkjent emna før avreise for å sikre at dei kan inngå i grada di ved UiB. Ta kontakt med studierettleiar for å få hjelp med val av emne. Du finn meir informasjon om søknadsprosessen her.

James Cook University

Du kan lese meir på JCU sine eigne heimesider. Du finn emneoversikta her. Emna ved JCU utgjer 7,5 norske studiepoeng. Du må dermed ta 4 emne per semester for å studere på fulltid.

Vårsemesteret varar frå 15. februar til 5. juli, medan haustsemesteret varar frå 15. juli til 5. desember.

McGill University

Du kan lese meir om McGill på McGill sine eigne heimesider. Emna ved McGill er vanligvis 3 credits (6 sp) og eit fulltidsemester er 15 credits. Du finn informasjon om studieprogram i biokjemi her.

Vårsemesteret (vintersemester) varar frå 5. januar til 30. april, medan haustsemesteret varar frå 1. september til 20.desember.

University of Cape Town

Du kan lese meir om UCT på UCT sine eigne heimesider. Eit fulltidsemester ved UCT er 13-15 credit hours. Talet på credit hours per emne er avhengig av nivå: 100-talsemne: normalt 3 credit hours, 200-talsemne: normalt 4 credit hours og 300/400-talsemne: normalt 6 credit hours. Summen av norske studiepoeng vil bli vurdert ved førehandsgodkjenning.

Vårsemesteret varar frå 1. februar til 30. juni, medan haustsemesteret varar frå 1. juli til 1. desember.

Viktig informasjon om...

Kontakt og informasjon

Studieadministrasjonen ved MBI

 

Sist endret: 2.3.2012